Universitetet i Dodoma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Universitetet i Dodoma

Grunnlagt2007
TypeOffentleg universitet
StadDodoma
Nettstadhttp://www.udom.ac.tz

Universitetet i Dodoma (engelsk University of Dodoma, swahili Chuo Kikuu cha Dodoma) er eit universitet i Dodoma, hovudstaden i Tanzania.[1] Universitetet opna i 2007,[2] då 1 000 studentar vart tekne opp i humaniora, utdanning, informatikk og virtuell utdanning. I 2008 opna program for helse og biologi.

Ifølgje Tanzania sin visjon for nasjonal utvikling for 2025[3] vil universitetet kunna ta imot 40 000 studentar innan diverse akademiske disiplinar. Dette er meir enn dobbelt så mange studentar som i dag studerer ved Universitetet i Dar-es-Salaam.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Register of Universities» (PDF). Tanzania Commission for Universities. Arkivert frå originalen (PDF) 24. september 2015. Henta 15. juli 2013. 
  2. «University of Dodoma». Southern African Regional Universities Association (SARUA). 2008. Arkivert frå originalen 28. juli 2011. Henta 9. mai 2020. 
  3. 'Be a nation with high quality of education at all levels' «The Tanzania Development Vision 2025». 2000. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]