Universitetsbiblioteket i Umeå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Umeå universitetsbibliotek. Inngangsparti

Umeå universitetsbibliotek er det største forskningsbiblioteket i Nord-Sverige. Biblioteket sine viktigste målgrupper er forskarar, lærarar og studentar ved Umeå universitet, men òg ålmenta har høve til å nytte samlingane. På biblioteket finst mellom anna bøker, tidsskrift, dagsaviser, avhandlingar, småtrykk og arkivmateriale både i trykt og elektronisk form. Gjennom biblioteket har ein tilgang til databasar innan dei fleste emnesområda. Der finst òg leseplassar og rom for studiar einskilt og for grupper.

Biblioteket er sett saman av fire bibliotek: Universitetsbiblioteket (UB), Medicinska biblioteket (MB), UB Konstnärligt campus og UB Örnsköldsvik. På Universitetsbiblioteket ligg òg Forskningsarkivet viss oppgåve er gjere arkivmateriale tilgjengeleg samt å syte for universitetet sine handskrift og personarkiv.

Biblioteket er eit så kalla pliktbibliotek, det vil seie eit bibliotek som mottek alt trykt materiale som vert utgjeve i Sverige. Det finst ialt sju pliktbibliotek i landet, sjølv om berre nasjonalbiblioteket Kungliga biblioteket og Universitetsbiblioteket i Lund er pliktig til å oppbevare alt materiale. Som Nord-Sverige sitt største bibliotek sett Umeå universitetsbibliotek særleg fokus på å sanka materiale med tilknyting til denne landsdelen.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Biblioteket har sitt utspring i det "Vetenskapliga biblioteket i Umeå" som i 1950 vart oppretta ved Umeå folkebibliotek. I 1958, då den svenske regjeringa vedtok å etablere ein medisinsk høgskule i Umeå, vart òg eit medisinsk fagbibliotek grunnlagt i byen. I 1965, då Umeå universitet vart etablert, hadde Universitetsbiblioteket alt vore i drift sida eit år. Ein begynte straks å planleggje for ei ny biblioteksbygning attmed universitetet. Anleggsarbeida starta på våren 1967 og i 1968 stod det nye hovudbiblioteket ferdig. Ein begynte med bokutlån den 2. desember same året. Eit par dagar etterpå vart lesesalen for forskarar opna, medan lesesal for studentar opna den 3. mars 1969. På si tid tiltrekte seg bibliotekbygninga stor interesse for sitt interiør og sitt reolsystem. Bygninga har etter det fleire gonger vorte endra og utvida. Det medisinske fagbiblioteket, som ligg på byen sitt sjukehusområde, fekk nye lokale hausten 2002 då ulike bibliotektenester innanfor helse- og pleiefag vart slått saman. Avdeling Örnsköldsvik flytta til nye lokale hausten 2011 like ved Örnsköldsvik folkebibliotek. Den nyaste eininga under Umeå universitetsbibliotek er UB Konstnärligt campus som vart opna våren 2012.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Universitetsbiblioteket vert styrt ved Biblioteksstyrelsen som mest består av dekanar og prodekanar frå universitetet sine fakultet. Bibliotekverksemda vert sidan september 2011 leidd av overbibliotekar Mikael Sjögren. Administrativ leiar er Maria Hanell.

Avdelingar[endre | endre wikiteksten]

  • Administrasjonen
  • Det digitale biblioteket
  • Forskningsarkivet
  • IKT
  • Kundeservice
  • Det medisinske biblioteket
  • UB Örnsköldsvik

Samlingar og spesialsamlingar[endre | endre wikiteksten]

Samlingane tel cirka 1,5 milionar band. Talet på tidsskrift er 22 000 og av dei er mesteparten, 16 000, elektroniske tidsskrift. Biblioteket har motteke store pengegåver frå til dømes Sigurd Curman, Olof Östergren og Sigrid og Johan Kahle. Gjennom tilskot frå stiftinga Seth M. Kempe minnesfond har det vore råd å innleme i biblioteket private boksamlingar til einskilde forfattarar og vitskapspersonar, til dømes Nils Ahnlund, Björn Collinder, Eli Heckscher og Gustaf Hellström. I Forskingsarkivet inngår arkivet til forfattaren Sara Lidman.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Carlquist, Erik. (1989). Umeå universitetsbibliotek under 25 år. Umeå: Umeå universitet. Ingår i Svenska biblioteksbyggnader : från förvaring til mötesplats : en festskrift til Lars Tynell / c [red.: Lars Olsson]. - 1989. - (Acta Bibliothecae regiae Stockholmiensis, 0065-1060 ; 49). - 91-7000-126-X ; S. 22-45
  • Nordstrand, Jon Erik & Carlquist, Erik. (1990). Universitetsbiblioteket. I Sven-Olov Bylund (Red.), Umeå universitet 25 år (s. 107-116). Umeå: Umeå universitet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]