Ure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ure
elv
Aysgarth Falls i Wensleydale
Land  England
Grevskap North Yorkshire
Lengd 119 km
Kjelde Ure Head
 - høgd 640 moh.
 - koordinatar 54°21′59.967″N 2°18′0.033″W / 54.36665750°N 2.30000917°W / 54.36665750; -2.30000917
Munning Ouse
 - stad Cuddy Shaw Reach (nær Linton-on-Ouse), North Yorkshire, England
 - koordinatar 54°2′4″N 1°16′30″W / 54.03444°N 1.27500°W / 54.03444; -1.27500
Kart
Ure
54°02′04″N 1°16′30″W / 54.0344°N 1.275°W / 54.0344; -1.275
Wikimedia Commons: River Ure

Ure er ei elv i North Yorkshire i England. Ho spring ut i Penninane, renn gjennom nasjonalparken Yorkshire Dales, og går over i Ouse i Yorkshire nær Boroughbridge, mellom Ripon og York. Av sideelvar finn ein Swale og Skell. Elva renn mellom anna gjennom Wensleydale, som tidlegare heitte Yoredale etter elva.

Overgangen til Ouse blir nokre gonger rekna som starten på ei ny elv, med Ure som ei sideelv, men oftast reknast det som eit namneskifte på same elv.

Namnet kjem kanskje frå eit norrønt ord for «fruktbar jord». Eit anna høve er at det kjem frå Jor, seinare Yore, som kanskje er avleidd frå keltisk isura, «heilagt».

Løpet[endre | endre wikiteksten]

Det første staden av tyding elva passarar er nasjonalparksenteret ved Hawes. Nokre kilometer lenger aust renn ho gjennom Aysgarth-falla, ein foss med tre fall. Ho passerer så Middleham Castle og ruinane av Jervaulx Abbey. Elva renn så gjennom landsbyen Masham og forbi Marmion Tower i West Tanfield og Norton Conyers.

Ure renn så gjennom Ripon og forbi Newby Hall og fornminnet Devil's Arrows. Rett vest for Boroughbridge er A1 ført på ei bru over elva. Austom byen renn Swale inn i Ure, og omkring ei mil lenger ned, ved Cuddy Shaw Reach nær Linton-on-Ouse, skiftar ho namn til Ouse.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]