Usain Bolt
Treng oppdatering |
| Usain Bolt | |
| Statsborgarskap | Jamaica |
| Fødd | 21. august 1986 (39 år) Sherwood Content |
| Yrke | friidrettsutøvar, løpar, fotballspelar, idrettsutøvar |
| Språk | engelsk |
| Høgd | 196 centimeter |
| Nettstad | https://usainbolt.com/ |
| Usain Bolt på Commons | |


Usain Bolt (fødd 21. august 1986) er ein jamaicansk sprintar som har sett fleire verdsrekordar og vunne fleire meisterskap, mellom anna OL. I engelskspråklege media vert han kalla «The Lightning Bolt» ('Lynet').[1]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Bolt vart fødd i Trelawny på Jamaica. Som 15-åring vann han ein gull- og to sølvmedaljar i juniorverdsmeisterskapen i friidrett i 2002 på heimebane i Kingston på Jamaica. I 2004 sprang han 200 meter på 19,93 sekund, og vart dermed den første junioren som sprang 200 meter på under 20 sekund. I 2007 sette han ny jamaicansk rekord på 200 meter med 19,75 sekund. I verdsmeisterskapen i friidrett i Osaka i 2007 vann han sølv på 200 meter, bak amerikanske Tyson Gay.
Bolt tok sin første verdsrekord på 100-meter den 31. mai 2008, med tida 9,72 sekund då han sprang på stemnet Reebok Grand Prix i New York. Dette var berre det femte seniorløpet hans på denne distansen. Under OL i Beijing i 2008 sette han nye verdsrekordar både på 100-meter (9,69 s) og 200-meter (19,30 s). Eitt år seinare, i august 2009, slo han begge desse rekordane med 9,58 s og 19,19 s under Verdsmeisterskapen i friidrett. Denne står enno som verdsrekord i 2018.
Bolt vert trena av Glen Mills og studerer ved University of Technology på Jamaica.
Fotball
[endre | endre wikiteksten]Bolt starta i 2018 trening med fotballklubben Strømsgodset,[2] og spelte for denne klubben i ein venskapskamp mot det norske ungdomslandslaget (under 19 år). Han hadde nummer "9.58" på trøya som var hans eigen verdsrekord på 100 meter.[3]
Personleg rekord
[endre | endre wikiteksten](Per 27. juli 2008)
| Dato | Distanse | Stad | Tid (sekund) |
|---|---|---|---|
| 31. mai 2008 | 100 m | Berlin | 9,58 |
| 150 m | 14,35 | Manchester | |
| 13. juli 2008 | 200 m | Athen i Hellas | 19,19 |
| 5. mai 2007 | 400 m | Kingston på Jamaica | 45,28 |
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 2004 i Aten: Uslått i forsøka på 200 m (21,05 =nr 40)
- VM 2005 i Helsinki: Nr 8 på 200 m – 26,27
- VM 2007 i Osaka: Sølvmedalje på 200 m og i 4 x 100 stafett
- OL 2008 i Beijing: Gullmedalje på 100 m og 200 m
- VM 2009 i Berlin: Gullmedalje på 100 m og 200 m, og 4 x 100 m stafett
- VM 2011 i Daegu: Gullmedalje på 200 m og 4 x 100 m stafett
- OL 2012 i London:Gullmedalje på 100 m og 200 m, og 4 x 100 m stafett
- VM 2013 i Moskva: Gullmedalje på 100 m og 200 m, og 4 x 100 m stafett
- VM 2015 i Beijing: Gullmedalje på 100 m og 200 m, og 4 x 100 m stafett
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje på 100 m og 200 m, og 4 x 100 m stafett
- VM 2017 i London: Bronsemedalje på 100 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ International Association of Athletics Federations
- ↑ «Usain Bolt trains with Norwegian top-flight side Stromsgodset». BBC Sport. 30. mai 2018. Henta 5. juni 2018.
- ↑ «Camisa "9.58", Bolt estreia no futebol norueguês com direito a gol perdido» (på portugisisk). Globo.com. 5. juni 2018. Henta 5. juni 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Usain Bolt» (på engelsk). Olympedia.
- Einskildmenn
- Fødde i 1986
- Jamaicanske sprintarar
- Verdsmeistrar i friidrett for Jamaica
- Olympiske meistrar for Jamaica
- Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2008
- Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2012
- Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2016
- Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Vinnarar av Bislett-medaljen