Hopp til innhald

Brukardiskusjon:Eddideigel

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wikipedia:Babel
nn Denne brukaren har norsk som morsmål og skriv nynorsk.
nb Denne brukeren har norsk som morsmål og skriver bokmål.
en-3 This user is able to contribute with an advanced level of English.
da-2 Denne brugers kendskab til dansk er på mellemniveau.
sv-2 Denna användare har kunskaper på mellannivå i svenska.
de-1 Dieser Benutzer hat grundlegende Deutschkenntnisse.
Kategori:Wikipedantar

Eg ser helst at spørsmål og svar
står på same sida.
Viss ikkje anna er avtalt,
vil eg gjera det slik hér og elles.
Brukarside  |  Brukarbidrag
Sjå òg brukardiskusjonen min på no:Brukerdiskusjon:Eddideigel
 
Dette er ei Wikipedia-brukarside / This is a Wikipedia user page

Viss du finn denne sida nokon annan stad enn Wikipedia, så er det ein spegelstad. Ver merksam på at sida kan vera utdatert, og at brukaren som eig sida, ikkje nødvendigvis har noka personleg tilknyting til andre stader enn Wikipedia sjølv. Originalsida finst på adressa som står nedanfor.

If you find this page on any site other than Wikipedia, you are viewing a mirror site. Be aware that the page may be outdated, and that the user this page belongs to may have no personal affiliation with any site other than Wikipedia itself. The original page is located at http://nn.wikipedia.org/wiki/Brukardiskusjon:Eddideigel

Wikimedia Foundation
Wikimedia Foundation


Velkommen ombord Eddideigel! Bjarte 11:18, 8 Oct 2004 (UTC)

Hei igjen. Eg flytta berre velkomsten frå User:Eddideigel til User_Talk:Eddideigel. Har du elles nokre spørsmål skriv gjerne til meg. BjarteSorensen 06:32, 9 Oct 2004 (UTC)

Jo takk. Hadde først tenkt å vente litt med å skrive på den nynorske wikipediaen, men då eg ikkje fann nokon artikkel om Noreg kunne eg ikkje dy meg... --Eddi 12:58, 9 Oct 2004 (UTC)

Eg skreiv nokre kommentarar om kategoriar og malar på Talk:Noreg. BjarteSorensen 14:06, 9 Oct 2004 (UTC)

Omsetjing av brukargrensesnittet[endre wikiteksten]

Hei Eddi! Som du sikkert har lagt merke til på brukarportalen så er nynorsk-omsetjinga av brukargrensesnittet til Wikipedia nesten ferdig. Det hadde vore fint om du to tok ein kikk på problemorda og gav tilbakemelding der, du treng ikkje sjå gjennom heile omsetjinga.--Dittaeva 08:23, 14 Oct 2004 (UTC)

Heisann! Dumme meg har visst ikkje oppdaga brukarportalen enno. Det er godt du fylgjer med. :) Eg såg litt på dei vanskelege orda og la inn eit par forslag. --Eddi 00:22, 15 Oct 2004 (UTC)

Forslag til prioriterte oppgåver/arbeidsmåtar[endre wikiteksten]

Hei Eddi :) Har lagt inn eit forslag til prioriterte oppgåver/arbeidsmåtar på Samfunnshuset. Hovudtrekka er: (1) Vi veks. Det fører med seg ansvar. (2) Finn lenkjer til no:/sv:/da:/fo:/is:/fi:/ (eller minst dei tre første) og legg dei øvst i interwikilenkjelista; og (3) lat oss vera proffe og samarbeide så godt vi kan med no:. Sjekk gjerne ut det eg skreiv og redigér det der det er rom for betring. Om du skulle finne ei brukardiskusjonsside utan denne notisen frå meg, så sprei han gjerne! -- Olve 10. nov 2004 kl. 08:28 (UTC)

Skal sjå om eg ikkje kan finna noko å bidra med. Når det gjeld (2) har eg tenkt på om eg skulle læra meg å byggja robotar – veit du nokon stad eg kan lesa om dette? --Eddi 10. nov 2004 kl. 18:13 (UTC)

Tak deg gjerne ein prat med Jarle om det. Trur han er bott-eksperten vår. :) -- Olve 10. nov 2004 kl. 18:49 (UTC)

Flott at du utvida Aasen!! Takk for fin julegåve! --Guttorm 22. des 2004 kl. 23:06 (UTC)

Det var då så lite. Eg får nokre innfall av og til, og somme tider blir det ganske kjekt. :) --Eddi 22. jan 2005 kl. 2328 (UTC)

(Kopiert frå Brukardiskusjon:Jarle.) Hei! Eg er interessert i robotar og fekk tips av Olve om å spørja deg om det. Er det nokon stad eg kan lesa om dette, og/eller har du nokre konkrete tips? På førehand takk.    Eg har sett føre meg to slags robotar, eller ein med to operasjonsmåtar: (a) For ein artikkel som manglar interwiki-liste, eller der lista er mangelfull, oppgje namnet til ein tilsvarande artikkel på ein annan wikipedia og kopiera inn det som manglar frå denne. (Må òg leggja til ei line med den wikien som lista vart kopiert frå.)    (b) Gå gjennom interwiki-lista i ein artikkel og sørgja for at alle som manglar lenke til artikkelen får det.    Begge desse er kan hende mest aktuelle for nyskrivne artiklar, men kan for så vidt brukast til vedlikehald av alle artiklar. --Eddi (Snakk) 22. jan 2005 kl. 2353 (UTC)

Hei Eddi!

Eg hev ikkje vore altfor verksam her i det siste, diverre. Må sjå til å ordna på det snart. Det finst ein del opplysningar om robotar på en:Wikipedia:Bots. For å laga din eigen robot, last ned Python Wikipedia Robot Framework, som inneheld både ferdige robotar for ymse oppgåver og tufter du kan byggja vidare på. Eg er ingen ekspert, men lurer du på noko meir so berre spør! Jarle 29. jan 2005 kl. 0903 (UTC)

Gløymde visst å svara på både (a) og (b) — eg er tolleg sikker på at slike bottar ligg i Framework-pakka klare til bruk. Jarle 29. jan 2005 kl. 0907 (UTC)

Takk skal du ha. Eg skal sjå på lenkene du nemner. Du har sjølvsagt rett – dette er så grunnleggjande funksjonar at nokon må jo ha gjort det før. Det blir spanande å sjå om rammeverkspakka gjer det slik eg vil. --Eddi (Snakk) 29. jan 2005 kl. 1935 (UTC)

Hei Eddi! Fint du er med på spireryddinga og skanwikiarbeidet! :-) Ein liten detalj: Vedtaket vi har gjort her er at rekkjefølgjen er no-sv-da (evt nb-sv-da). Svensk kjem altså føre dansk i skanwikioppsettet her på Nynorsk Wikipedia. -- Olve 21. juli 2005 kl. 08:37 (UTC)

Heisann! Når det gjeld grunnstoffa driv eg mest med kjemispire- og interwiki-rydding, eigentleg ikkje skanwiki, men viss det er slik så kan eg gjerne sjå på dét òg. :) --Eddi (Snakk) 21. juli 2005 kl. 08:46 (UTC)

Nanoteknologi[endre wikiteksten]

Du hadde vore å tagga på nanoteknologi-artikkelen. Eg har rydda litt, men kan du vere venleg å i det minste skrive litt på diskusjonssida dersom du enno ikkje er nøgd Hogne 9. nov. 2005 kl. 21:06 (UTC)

Eg har lagt inn ein del fleire wikilenkjer og flikka litt på språket. Diffen ser voldsom ut, men det er ikkje så mykje som det ser ut til. --Eddi (Snakk) 10. nov. 2005 kl. 04:12 (UTC)

Eg ser poenget ditt no! Takk for bidraget! Hogne 10. nov. 2005 kl. 15:29 (UTC)

– tenkte du kunne vera interessert i å vera med der... :-) Olve 19. des. 2005 kl. 07:40 (UTC)

Kanskje det, om ikkje anna enn som observatør. Eg har til dømes ikkje vore særleg aktiv på Wikipedia:Wikiprosjekt Lækjemiddel – det har vore eit av punkta på det dårlege samvitet mitt... Men takk for melding! :) --Eddi (Snakk) 19. des. 2005 kl. 11:37 (UTC)

Gud skapte mennesket.

Du spør ein stad om eit bilete av ein stor og skapande gud. Kva med dette frå commons. Hogne 9. mars 2006 kl. 16:30 (UTC)

Takk skal du ha. Eg såg føre meg ein skjeggete brumlebass, men dette er bra det òg. --Eddi (Snakk) 9. mars 2006 kl. 22:21 (UTC)

Beklager om eg bryt inn inn i ein privat diskusjon: Men dette meisterverket er vel mykje betre enn ein "skjeggete brumlebass"? --Bep 9. mars 2006 kl. 22:25 (UTC)

Kjell på verdsveven[endre wikiteksten]

Hei! Kan eg spørja kvifor du fjerna 84.49.111.145 sitt bidrag ifrå artikkelen om bokstaven kjell?
Var det noko snusk? Virus eller noko?

--Verdlanco\ordskifte 18. mars 2006 kl. 18:01 (UTC)

No er eg vel ikkje Eddideigel, men den anonyme brukaren laga ein link til ei .zip-fil, og det er vel ikkje ein særleg god ting, då innhaldet i fila ikkje vert vist direkte. Om det det vert linka til er fleire filer, som lyt pakkast, burde ein skrive det ein stad iallefall. Og når eg ser på innhaldet i fila, så inneheld dette ei fil som gjer vesentlege endringar med tastaturoppsettet til brukaren, så eg ville ikkje gjort denne innstallasjonen sjølv. (Les readme.txt i .zip-fila) Kan ikkje rekne med at vanlege brukarar kan enkelt tilbakestille slike vesentleg endringar. Eg er ikkje sikker sjølv. -- Roger 18. mars 2006 kl. 18:14 (UTC)

Greit nok, men å kalla det spam vert feil. Kanskje me bør ha ein uttrykt politikk på at dei som vil leggja ut binærfiler, må laga ei eiga webside der dei skildrar kva det er, korleis det kan lastast ned og korleis det skal brukast, og berre får lov å leggja ein peikar til den websida under På verdsveven i Wikipedia. Me kan skriva ei rettleiing om dette på Wikipedia:Retningsliner. --Verdlanco\ordskifte 18. mars 2006 kl. 19:24 (UTC)

Spam er det vel ikkje nei, i den forstand. Og einaste fornuftige måten eg ser for meg for å linke til programfiler, pakkar og slikt, er å linke til ei vevside slik du skildrar. -- Roger 19. mars 2006 kl. 09:19 (UTC)
Eg fjerna innlegget fordi fila var utilgjengeleg og fordi nettstaden såg ut til å vera kommersiell. Spam godt som noko. --Eddi (Snakk) 19. mars 2006 kl. 06:50 (UTC)

Signaturar både her og der[endre wikiteksten]

Morn! Eg syns det var litt rart at signaturen min ikkje dukka opp fyrste gongen eg trykte signaturknappen, men fant han ikkje noen annan stad. Prøvde igjen, og da var alt i orden. Trudde eg. Takk for oppretting. --KRISTAGAα-ω 11. april 2006 kl. 23:10 (UTC)

Babelsystemet[endre wikiteksten]

Fin jobb du gjer med babelsystemet! :-) -- Olve 2. mai 2006 kl. 01:47 (UTC)

Berre såvidt i gang – vonar fleire vil bli med :) --Eddi (Snakk) 2. mai 2006 kl. 02:01 (UTC)

Ja, det håpar da eg òg! :-) Akkurat no driv eg og arbeider med å laga til eit utdannings- og yrkesbrukarbokssystem, men det er noko tull med boksen mal:brukar Cand.Philol. — sjå korleis han miste fargane når eg sette han inn på brukar:olve som test. Kanskje du kunne sjå kjapt over malen og prøve å finne ut kva som skar seg? Straks malen verkar som han skal, håpar eg å bruke han som grunnlag for alle yrkes- og utdanningsboksane som inkluderer spesifiserte val. -- Olve 2. mai 2006 kl. 02:20 (UTC)

Valfrie parametrar som fargane i denne malen bør vera dei siste parametrane, elles kan dei vanskeleg utelatast for å få standardfargane til å slå inn. Du kan setja av visse tekst- og talparametrar i starten, t.d. 1=fag, 2=tittel, 3=tekst, og fargane på slutten, t.d. 4=farge1, 5=farge2, 6=farge3. Rekkefølgja på fargeparametrane bør vera slik at det som er "mest standard", dvs. sjeldnast skal byttast ut med ein parameter, bør stå til slutt. Eg kan redigera malen og sida di som eit døme. --Eddi (Snakk) 2. mai 2006 kl. 02:46 (UTC)
Der var det i orden, ja — tusen takk! Er litt for trøytt akkurat no til å få med meg alle detaljane, men no er altså malen brukande til å gå vidare med. :-) Olve 2. mai 2006 kl. 03:58 (UTC)