Ussuribukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ussuribukta (russisk: Уссурийский залив – Ussurijskij zaliv) er ei bukt i den inste og nordlegaste delen av Peter den store-bukta på nordkysten av Japanhavet. Ho er rundt 67 kilometer lang. Breidda ved munningen er rundt 55 kilometer og djupna er mellom 51 og 69 meter. Om vinteren, frå slutten av desember til midt i mars, er Ussuribukta dekke av eit tynt islag.

På vestsida av bukta ligg hamnebyen Vladivostok og på austsida ligg byen Bolsjoj Kamen. På vestsida av bukta, rundt 20 km nordaust for sentrum av Vladivostok, ligg Sjamora, med den største og mest populære badestranda i Vladivostok.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]