Peter den store-bukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peter den store-bukta
bujst
Land  Russland
Del av Japanhavet
Kart
Peter den store-bukta
42°37′54″ N 131°46′44″ E
Wikimedia Commons: Peter the Great Gulf

Peter den store-bukta (russisk Залив Петра Великого, Zaliv Petra Velikogo) er den største bukta i Japanhavet i Primorskij kraj i Russland. Muravjov-Amurskij-halvøya og ei rekkje av øyar deler den 6000 km² store bukta i Amurbukta og Ussuribukta.

Kystlinja er om lag 1500 km lang og er delt inn i mange mindre buktar. Dei største av desse er Zolotoy Rog, Diomedesbukta, Ulyssesbukta, Nakhodkabukta, Possietbukta og Sjamora med sine fine sandstrender. Av øyar finn ein Rimskij-Korsakov-øyane, Askold, Putjatin og Russkijøya (som er skild frå fastlandet av Aust-Bosporos).

Om lag 630 km² av bukta er verna med Fjernausten marine naturreservat. Ein regatta vart helde her årleg. Om vinteren er den nordlege delen av bukta vanlegvis islagd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]