Utmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Utmark er alt land som ikkje er innmark, det er privat eller offentleg udyrka mark og omfattar det meste av vatn, strand, myr, skog og fjell i Noreg.

Allemannsretten gjer store rettar til å ferdast over utmarksområde. Her kan ein ferdast året rundt, til fots overalt, på hest på vegar og stiar dersom riding ikkje er spesielt forbode, men i køyretøy berre på offentleg veg. Ein kan rasta, sola seg, overnatta og liknande, så lenge dette ikkje fører til ulempe for andre.