Uttale av nordsamisk skriftspråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Uttale av nordsamisk skriftspråk er ikkje eit direkte samband mellom bokstav og lyd, som i finsk, men ulikskapane er regelmessige.

Bokstavane har (nesten) alltid same lydverdi.

Vokalane[endre | endre wikiteksten]

Vokalane i, e, a, blir uttalt som i norsk, men u og o blir uttala som dei tilsvarande bokstavane i det norske ordet kumlokk, det vil seia at den samiske bokstaven u har uttale som namnet på den norske bokstaven o, og den samiske bokstaven o har uttale som den norske bokstaven å. Samisk er dermed som finsk, tysk, dansk, spansk, italiensk (jf. tysk und, doch), og namnet Guovdageaidnu blir uttalt nøyaktig slik som det blir skrive.

Så har samisk ein bokstav vi ikkje finn i norsk, bokstaven á. Han blir uttalt ulikt i dei austlege og dei vestlege nordsamiske dialektane

I aust, t.d. i Karasjok, blir han uttalt omtrent som norsk æ men berre viss det i neste staving er ein av bokstavane i, e, á. Døme på dette er sápmi, áigi (/sæpmi/, /æjəgi/). Viss det derimot kjem ein annan lyd i neste staving blir á uttalt som a. Døme på dette er sávza "sau", som blir uttalt /savdsa/.

I vest, derimot, som i Kautokeino, blir á derimot uttalt som lang a, uavhengig av vokalen i neste staving.

i blir uttalt j viss han kjem etter ein vokal, altså: biila = «bijla», áigi = «æjəgi».

Konsonantane[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste konsonantane blir uttalte som på norsk. Merk bokstaven h, som verkeleg blir uttalt h, også før konsonant, som i ordet johka (elv). Dei som veit korleis nordgudbrandsdølar seier «sukker» (suhker) forstår prinsippet. Konsonantane som blir bortimot rett viss vi latar som om dei er norske er desse: b, d, f, g, h, j, k, l, m, n, p, r, s, t, v .

c blir uttalt som ts i det norske ordet vits, t.d. i ordet ciellat (å skjelle ut). z blir uttalt ds, t.d. i ordet sávza («sau», uttalt savdsa).

ŋ blir uttalt som den siste lyden i norsk song, og lydane bak bokstavane đ og ŧ finn vi att i engelsk. Engelsk this thing med ei samisk rettskriving blir đis ŧiŋ. š representerer lyden som blir skrive sj på norsk, stasjon blir skrive stašuvdna på samisk.

Når c er kombinasjonen av t og s, blir č kombinasjonen av t og š. På same måten minner ž om z; der z blir uttalt som d + s, blir ž uttalt som d + š. Dette speglar eit system, sett opp i skjemaet nedanfor. Orda i parentes er norske ord, bokstavane med halvfeite typar representerer lyd som tilsvarer den samiske lyden.

  visle lukke+visle lukke+visle
  ustemt ustemt stemt+ustemt
tungespiss mot tannkam s (sør) c (vits) z (lydsag)
tungespiss bak tannrygg š (sjø) č (sketsj) ž (lydsjø)

Tabellen er systematisk sett opp: Lydane over kvarandre i kvar kolonne i dei to linjene er identiske, bortsett frå at lydane i første rad uttalast med tungespissen i overkant av 1 cm lengre fram i munnen enn lydane i 2. rad.

Diftongar[endre | endre wikiteksten]

Nordsamisk har fire diftongar, ea, ie, oa og uo. Av desse kan ea bli uttalt som ea, æ, eæ, ie, ia, til dømes i ordet heasta (hest). Dei andre diftongane blir uttalt akkurat som dei blir skrive (hugs! u som i norsk god og o som i godt!), altså giella (språk), oarji (vest), guovža (bjørn). Ein i etter ein vokal blir uttalt som j. Andre vokalsamband dannar ikkje diftongar, men står i ulike stavingar.

Konsonantsamband[endre | endre wikiteksten]

Hovudregelen for konsonantsamband er at to like konsonantar uttalast som ein lang konsonant. Skilnaden på viessu (huset) og viesu (husets) er med andre ord at viessu har ein lengre s enn viesu. Dei doble stemte konsonantane bb dd gg uttalast med siste del ustemt, dvs. som bp, dt, gk. Ordet oabbá (søster) bør dermed bli skrive «åabpæ» på norsk.

Når b/bb, d/dd, g/gg, z/zz, ž/žž kjem etter ein konsonant, blir dei uttalt ustemt. Altså skriv vi gálbi (kalv) men uttalar gálpi. Bokstavsambanda dj, lj, nj representerer såkalla palatale d-, l-, og n-ar, dvs. dei står for dei lydane vi finn i trøndersk og nordnorsk uttale av dei norske orda ladda, kalla og mann.

Der h står framfor ein dobbeltkonsonant (hcc/hčč/hpp/htt/hkk…) er det h-en som er lang, og ikkje dobbeltkonsonanten. Det heiter såleis bihhtá, sjølv om det blir skrive bihttá. Der h står framfor j, l, m, n, r blir resultatet ikkje uttalt som hj, hl, hm, hn, hr, men som ustemt j, l, m, n, r (dvs. som når du kviskrar desse lydane, eller, for dei som kan trøndersk, som den tredje lyden i ordet tatlat. Sjølv om c er ts, blir ikkje cc til tsts, men til tts, og det same gjeld čč, zz og žž, som blir ttš, dds og ddš. Døme ovcci (ni, åvtsi), vižžet (hente, viddšet).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

For å sjå nordsamisk tekst som lydskrift, gjer følgjande: Gå til denne sida, lim eller skriv inn tekst, kryss av for Transkriber under, og trykk Send skjema. Resultatet er den same teksten på IPA-lydskrift.