Hopp til innhald

Uzunköprü

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uzunköprü
by
Land  Tyrkia
Region Marmararegionen
Provins Edirne
Koordinatar 41°16′10″N 26°41′10″E / 41.26944°N 26.68611°E / 41.26944; 26.68611
Areal 1 213 km²
Folketal 40 154  (2010)
Folketettleik 33 / km²
Borgarmeister Enis İşbilen
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 22200
Retningsnummer +(90)284
Kart
Uzunköprü
41°16′01″N 26°41′15″E / 41.266944444444°N 26.6875°E / 41.266944444444; 26.6875
Wikimedia Commons: Uzunköprü
Nettstad: http://www.uzunkopru.bel.tr

Uzunköprü er ein liten by og eit distrikt i provinsen Edirne i nordvest i Tyrkia. Byen har kring 40 000 innbyggjarar (2010).

Han ligg langs jernbanelinja frå Istanbul til Sofia, Beograd og Vest-Europa.

Den lange brua (tyrkisk Uzunköprü) har gjeve namn til byen. Brua vart bygd mellom 1426 og 1443 etter ordre frå osmanske sultan Murad II. Den gamle steinbrua har 174 bogar og er 1329 meter lang og opp til 6,80 meter brei. Brua kryssar elva Ergene.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]