Vågsøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vågsøy
Hendanes på Vågsøy.
Hendanes på Vågsøy.
Geografi
Norway - Vågsøy.png
Stad Nordfjord
Koordinatar 61°58′09″N 05°04′59″EKoordinatar: 61°58′09″N 05°04′59″E
Høgaste punkt Veten (613 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Største busetnad Måløy (3 243 innb.)

Vågsøy er ei øy i Vågsøy kommune i Sogn og Fjordane. Øya utgjer grovt rekna halvparten av Vågsøy kommune. Største tettstaden på øya er Måløy, søraust på øya, som fekk bystatus i 1997 (3 243 innbyggjarar). Andre tettstader er Raudeberg (640 innbyggjarar), Holevik (334 innbyggjarar) og Vågsvåg ( innbyggjarar).

Det høgste punktet på øya er Veten, 613 meter over havet. Øya er skild frå fastlandet av Ulvesundet og er knytt til fastlandet med Måløybrua. Langs kysten av Vågsøy ligg Kråkenes fyr, Skongenes fyr og Hendanes fyr.

Frå 1910 til 1964 var øya delt mellom dei to kommunane Sør-Vågsøy og Nord-Vågsøy. Måløy var administrasjonssenter for Sør-Vågsøy, og Raudeberg for Nord-Vågsøy.