Hopp til innhald

Vadbrua

Koordinatar: 62°22′03″N 7°05′12″E / 62.3675°N 7.0866°E / 62.3675; 7.0866
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vadbrua
Typevegbru, platebru
StadFjord kommune i Møre og Romsdal
Opna1978
Strekning650
Lengd63,55 meter
Største spenn17 meter
KryssarStordalselva
Materialebetong
Transportererkøyretøy, gåande
ByggherreStatens vegvesen
Kart
Vadbrua
62°22′03″N 7°05′12″E / 62.3675618°N 7.0865377°E / 62.3675618; 7.0865377

Vadbrua også kjent som Vad bru er ei vegbru på Fylkesveg 650 over elva i Stordal i Fjord kommune. Fylkesveg 101 til Overøye tar av like ved brua.

Dagens bru i betong erstatta ei 21 m lang og 3,8 m brei fagverks stålbru. Denne stålbrua tente opphavleg som bru over Nørvesundet (dagens E136) i Ålesund og kom på plass der i 1892. Forsommaren 1952 vart stålbrua løyst frå festa i Nørvasundet og flytta heil til Stordal. Brua vart først frakta med pram til Stordal kai, deretter med lastebil til Vad. Stålbrua avløyste ei 2,6 m brei trebru frå 1880.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Veg og virke i Møre og Romsdal, nr 3, oktober 1986.


62°22′03″N 7°05′12″E / 62.3675°N 7.0866°E / 62.3675; 7.0866