Hopp til innhald

Stordal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stordal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Stordal
Areal 247 km²
   land 244 km²
   vatn 3 km²
Målform nynorsk
Ordførar Eva Hove (Ap)
Kommunenr. 1526
Kart
Stordal kommune
62°23′24″N 7°06′38″E / 62.39°N 7.1105555555556°E / 62.39; 7.1105555555556
Kart som viser Stordal kommune.
Kart som viser Stordal kommune.
Kart som viser Stordal kommune.
Wikimedia Commons: Stordal
Nettstad: www.stordal.kommune.no

Stordal er ein tidlegare norsk kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Han grensa til Ørskog i nordvest, Vestnes i nord, Rauma i aust, Norddal i søraust, Stranda i sør og til Sykkylven i vest.

Kommunen vart oppretta då han vart skild ut frå Stranda kommune i 1892. Han vart slått saman med Ørskog kommune og Skodje kommune i 1965, men den nye storkommunen vart oppløyst att i 1977, og Stordal vart eigen kommune igjen. Stordal var ved samanslåinga den minste kommunen i Møre og Romsdal etter folketal. 1. januar 2020 vart han slegen saman med Norddal til Fjord kommune.

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]

Då Stordal kommune vart skild ut att som eigen kommune, vart han den minste kommunen i Møre og Romsdal etter folketal. Men folketalet minka raskare i Tustna kommune enn i Stordal, og i 1998 tok Stordal att Tustna. Frå då og fram til 2006 veksla dei to kommunane på å vera minst. Det året vart Tustna kommune slått saman med Aure kommune, og frå då var Stordal igjen minst i fylket. Per 2010 var Stordal den einaste kommunen i Møre og Romsdal etter dei store kommunesamanslåingane på 1960-talet som hadde hatt færre enn 1000 innbyggjarar. Talet var lågare enn dette i 2003-04 og 2006-08.[1]

Folketalsutvikling for Stordal kommune frå 1892:

1.1.1892[2] 1910[3] 1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[1] 1.1.1961[1] 1.1.1981[1] 1.1.1991[1] 1.1.2001[1] 1.1.2010[1]
850 908 923 936 1053 992 1042 1080 1025 1070 1030
  1. 1 2 3 4 5 6 7 Folkemengd i Stordal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  2. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  3. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 Arkivert 2007-02-23 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 1 2 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Stordal kommune