Vala Flosadóttir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vala Flosadóttir
Statsborgarskap Island
Fødd 16. februar 1978 (46 år)
Reykjavík
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000

Vala Flosadóttir (fødd 16. februar 1978) er ein islandsk tidlegare friidrettsutøvar frå Reykjavík som vann bronsemedaljen i stavhopp under Sommar-OL 2000. Ho bur i Sverige,

Vala høyrde til den fyrste generasjonen kvinnelege stavhopparar. I 1996 gjekk ho til topps i stavtevlinga ved innandørs-EM 1996 i Stockholm. To år seinare vart ho nummer tre i innandørs-EM, medan ho i innandørs-VM 1999 kom på andreplass. Under dei olympiske sommarleikane i Sydney hausten 2000 sette ho personleg rekord med eit hopp på 4,50 meter og sikra seg bronsemedaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]