Valentin Grigoriyevich Rasputin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Valentin Grigoriyevich Rasputin (ru: Валенти́н Григо́рьевич Распу́тин) (fødd 15. mars 1937 i Atalanka, død 15. mars 2015 i Moskva) var ein russisk forfattar og miljøvernaktivist. Rasputin budde i Atalanka til han var 17 år og budde sidan i Irkutsk.

Frå 1954 til 1958 studerte han ved Det historisk-filologiske fakultetet ved Universitetet i Irkutsk. Etter studiane arbeidde han som journalist from til 1966, då han vart forfattar på heiltid. Han skreiv mange romanar. Han var sterkt kritisk til den snøgge industrialiseringa av Sibir og til forureininga av naturen dette fører med seg. Han var òg sterkt oppteken av å ta vare på kulturarven og å halda på tradisjonane.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.