Irkutsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Irkutsk
Иркутск
Ortodoks kyrkje i Irkutsk
Ortodoks kyrkje i Irkutsk
Ortodoks kyrkje i Irkutsk
Flagget til Irkutsk Byåpenet til Irkutsk
Flagget til Irkutsk Byvåpenet til Irkutsk


Plassering
Irkutsk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Irkutsk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1661
1686
Borgarmeister Viktor Kondrasjov
Geografi
Flatevidd
 - By

301 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

575 900
  1 913,3 /km²
Koordinatar 52°17′″N 104°18′″EKoordinatar: 52°17′″N 104°18′″E
Høgd over havet 440 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
IRKT (UTC+8)
IRKST (UTC+9)
Diverse annan informasjon
Postnummer 664xxx
Retningsnummer (tlf) +7 3952
Bilnummer 38, 85
Nettstad: www1.irkutsk.ru/

Irkutsk (russisk Ирку́тск; burjatisk og mongolsk Эрхүү Erkhüü) er ein av dei største byane i Sibir og administrativt senter i Irkutsk oblast i Russland. Han ligg 5185 km med jernbane frå Moskva. Byen har om lag 575 000 innbyggjarar. Delar av byen er ZATO, stengd for ålmenn ferdsel fordi 29. strategiske missildivisjon har sitt hovudkvarter der.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Sjølve byen ligg ved elva Angara, ei sideelv til Jenisej, om lag 72 km nedanfor utspringet frå Bajkalsjøen. Elva er her om lag 580 meter brei og vert kryssa av ei flytebru og to andre bruer litt lenger nede. Elva Irkut, som byen er kalla opp etter, munnar ut i Angara ovanfor byen.

Som ein sibirsk by har Irkutsk eit subarktisk klima med særs store temperaturskilnader mellom årstidene. Det kan vere varmt om sommaren, og brutalt kaldt om vinteren. Bajkalsjøen gjer likevel sitt til at temperaturskilnadene ikkje vert så ekstreme som andre stader i Sibir. Den varmaste månaden er juli med ein middeltemperatur på 18 °C, og varmerekorden i byen er 37 °C. Den kaldaste månaden er januar då middeltemperaturen berre er -19 °C. Nedbørmengdene varierer òg gjennom året og den våtaste månaden er juli med 119 mm, medan februar er den tørraste med ein normal på berre 7,6 mm.

Irkutsk ligg i eit landskap med rullande åsar og tjukk taiga, som er typisk for Aust-Sibir i motsetnad til den opne, flate sletta lenger vest i Sibir.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Irkutsk voks fram frå vinterforlegningane til Jakov Pokhabov i 1652 for gullhandel og samling av pels-skatt frå burjatane. Staden fekk offisielle byrettar i 1686. Den første vegen mellom Moskva og Irkutsk, den sibirske vegen (russisk Сибирский Тракт}}, Sibirskij Trakt), vart bygd i 1760. Byen nytte godt av denne nye vegen, og mange nye produkt, ofte importert frå Kina, vart tilgjengeleg i Irkutsk for første gong, mellom anna gull, diamantar, pels, tømmer, silke og te.

Tidleg på 1800-talet vart mange russiske kunstnarar, offiserar og adelsfolk sende i eksil til Sibir for deltakinga deira i dekabristopprøret mot tsar Nikolaj I. Irkutsk vart eit stort senter for intellektuelt og sosialt liv for desse eksile, og mykje av kulturarven i byen kjem frå dei. Mange trehus, med ornament og treutskjeringar, står framleis i dag i sterkt kontrast til dei sovjetiske bustadblokkene som ligg rundt dei.

Irkutsk jernbanestasjon tidleg på 1900-talet.

Mot slutten av 1800-talet var ein tredjedel av innbyggjarane folk i eksil. Forskjellige folk frå medlemmer av dekabristopprøret til bolsjevikar har halde seg i Irkutsk i lang tid. Desse har påverka kulturen og utviklinga av byen, og han vart til slutt eit velståande senter for kultur og utdanning i Aust-Sibir.

4.-6. juli 1879 vart generalguvernørpalasset, den viktigaste administrative byggverka og mange andre offentlege bygd øydelagd i ein brann. Arkivet til styresmakta, biblioteket og museet til den sibirske delen av det russiske geografiske forbundet forsvann i brannen. Tre fjerdedelar av byen vart lagd i oske, om lag fire tusen hus. Byen vart raskt bygd opp at og han fekk elektrisitet i 1896. Det første teateret vart bygd i 1897 og ein stor jernbanestasjon i 1898. Det første toget kom til Irkutsk den 16. august same året. I 1900 hadde byen fått kallenamnet «Sibirsk Paris» Under den russiske borgarkrigen som braut ut etter oktoberrevolusjonen vart Irkutsk åstad for mange blodige kampar mellom dei kvite og dei raude. I 1920 vart den frykta kommandøren Koltsjak frå dei antibolsjevikiske styrkane avretta her.

Under kommunisttida vart Irkutsk og Sibir industrialisert. Det store Irkutsreservoaret vart bygd i Angara mellom 1950 og 1959 for å tene industrien i området.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Viktige vegar og jernbaner, som Den transsibirske jernbanen, knyter Irkutsk med andre regionar i Russland og Mongolia. Byen har to flyplassar: Irkutsk internasjonale lufthamn og den mindre Irkutsk nordvestre lufthamn.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Utdanningsinstitusjonar i Irkutsk er mellom anna Irkutsk universitet for Jernbanetransport (sidan 1975), Irkutsk Statlege Universitet (1918), Bajkalskij statlege universitet for økonomi og jus (1932), Irkutsk Tekniske Universitet (1939), Irkutsk Landbruksakademi, Irkutsk universitet for lingvistikk (1948), Irkutsk medisinske universitet, Irkutsk pedagogiske høgskule. Av private høgskular finst Det sibirske institutt for juss, økonomi og administrasjon (1993), Institute of Economics of ISTU (1996).

Bilete frå Irkutsk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Irkutsk