Valestrandsfossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Valestrandsfossen
tettstad
Valestrandsfossen.jpg
Valestrandsfossen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Osterøy
Areal 0,94 km²
Folketal 1 240 (2017)
Folketettleik 1 319 / km²
Postnummer 5281 VALESTRANDSFOSSEN

Valestrandsfossen, også skrive Valestrandfossen, eller Valestrand er ein tettstad i Osterøy kommune i Hordaland fylke. Tettstaden har 1 240 innbyggjarar per 1. januar 2017. Staden ligg på vestsida av Osterøy, ved sørfjorden. Osterøy Ferjeselskap driv ferjesamband mellom Valestrandsfossen og BreisteinBergenshalvøya etter at Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap gav opp drifta 1. mai 2004.

Den verdskjende musikaren Ole Bull hadde sumarhus på Valestrand, og det var her han vart kjend med den norske folkemusikken. Huset han bygde og som framleis står på Valestrand, var det første i huset i moderne tid bygd i drakestil her i landet. Det var hit han tok med Edvard Grieg for å "fornorska" han etter studie i Tyskland.

Valestrand er og heimebana til fotballlaget Valestrand Hjellvik Fotballklubb

Spire Denne Hordalandartikkelen som har med geografi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.