Valter Gabrielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Valter Gabrielsen (fødd 4. februar 1921 i Fjell i Hordaland, død 23. desember 1999) var ein norsk politikar for Ap. Han sat heile 16 år som stortingsrepresentant for Finnmark og markerte seg mest innan fiskeripolitikk.

Gabrielsen hadde òg ei rekkje andre tillitsverv, ofte knytt til fiske og eller lokalpolitikk i Finnmark og leiar av tallause stortingskomitear.

Gabrielsen hadde ei fiskerifagleg utdanning og bakgrunn, og var utdanna fiskeskippar. Gabrielsen og familien hans dreiv òg fiskebåtar og fiskemottak og var sterkt knytt til Finnmark og Nord-Troms Fiskeindustri A/S, og dette var med på å styrkja Gabrielsen som ein viktig fagmann innan norsk fiskeripolitikk på 1960 og 70 talla.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

  • Middelskoleeksamen 1938
  • Sørmarka folkehøgskole 1939-1940
  • Kystskippereksamen 2. klasse 1939
  • Skipperlinja ved Staten sin fiskarfagskole 1944-1945
  • Genéveskolen 1954

Storting og politiske verv[endre | endre wikiteksten]

  • Stortinget vararepresentant Finnmark (AP) 1958-1961, 1961-1965
  • Stortingsrepresentant Finnmark (AP) 1965-1969, 1969-1973, 1973-1977, 1977-1981
  • Medlem Vardø formannskap 1947-1951
  • Medlem Nordkapp formannskap 1955-1959, 1959-1963, 1963-1965
  • Vararepresentant Landsstyret til det norske Arbeidarparti 1957-1959, medlem 1959-1960
  • Medlem Styret for Honningsvåg Arbeidarparti 1958-1962
  • Formann Fiskeriutvalet til DNA 1974-1979
  • Vararepresentant, SNs generalforsamling, 1. januar 1969 - 1. januar 1973, 1. januar 1981 - 1. januar 1985

Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]

Tillitsverv i organisasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Sekretær Vardø faglege fiskarlag 1947-1951
  • Medlem Styrde i Finnmark fiskarlag 1949-1951
  • Sekretær Finnmark fiskarlag 1951-1965

Offentlege verv[endre | endre wikiteksten]

  • Medlem Rådet for Staten sin fiskarfagskole i Honningsvåg 1955-1961, formann 1961-1977
  • Formann Honningsvåg havnevesen 1963-1965
  • Varamedlem Hovedstyret for Staten sin fiskarbank 1972-1976
  • Formann Kontrollnemnda for Garantikassen for fiskarar og fangstfolk på prosentvilkår og Garantikassen for lottfiskarar 1975-1980
  • Formann Staten sin Fiskarbanks avdelingsstyre i Tromsø 1987-1992

Andre administrative verv[endre | endre wikiteksten]

  • Medlem Styret for Fiskernes bank, avdeling Honningsvåg frå 1955, formann 1960-1965
  • Medlem Styret for Finnmark og Nord-Troms Fiskeindustri A/S (Fi-No-Tro) 1957-1960, formann
  • Varamedlem Representantskapet for Forretningsbanken A/S 1984

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]