Valto Olenius
Valto Olenius | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 12. desember 1920 Högfors by |
Død | |
Idrett | friidrett |
Tok del i | |
Utmerkingar |
Cross of Merit, in gold, of the Finnish Sports |
Valto Rudolf Olenius (12. desember 1920–13. juli 1983) var ein finsk stavhoppar frå Karkkila som vann EM-sølv i 1950.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Olenius kom på ein delt sjuandeplass i stavhopp under Sommar-OL 1948 i London. To år seinare sikra han seg sølvmedaljen i øvinga ved europameisterskapen 1950 i Brussel. Her hoppa han over 4,25 m og tok sølv framom landsmannen Jukka Piironen som også klarte 4,25 m, svensken Ragnar Lundberg tok seg over 4,30 m og vann gullmedaljen. Ved dei olympiske sommarleikane 1952 i Helsinki enda Olenius opp som femtemann i stavtevlinga på ny personleg rekord 4,30 m.
Olenius var finsk meister i stavhopp tre år på rad 1950-52. Han sette sitt endelege personbeste med 4,31 meter den 6. juli 1953 i Tampere.
62 år gammal drukna Olenius ved Heinola, liket aldri attfunne.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]
- OL 1948 i London: Nr 7 – 3,95 m
- EM 1950 i Brussel: Sølvmedalje – 4,25 m, bakom Ragnar Lundberg (4,30 m)
- OL 1952 i Helsinki: Nr 5 – 4,30 m
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Valto Olenius» frå Wikipedia på tysk, den 29. juni 2019.