Vanilla Ninja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vanilla Ninja
VanillaNinja.jpg
Vanilla Ninja under Eurolaul 2007.
F. v. Piret Järvis, Lenna Kuurmaa og Katrin Siska.
OpphavTallinn, Estland
Aktivca. 2002 - 2007
SjangerGoth-rock, Hard rock
PlateselskapTop Ten, Bros Music, EMI, Capitol Records, ZYX Music, Pony Canyon
MedlemmerLenna Kuurmaa
Katrin Siska
Piret Järvis
Tidlegare medlemmerMaarja Kivi
Triinu Kivilaan

Vanilla Ninja var ei jentegruppe frå Tallinn i Estland som deltok i Eurovision Song Contest 2005 for Sveits.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gruppa vart forma i 2002 av Lenna Kuurmaa, Katrin Siska, Piret Järvis og Maarja Kivi. Kivi, som hadde delteke i Eurolaul, estisk Melodi Grand Prix, vart valt til frontfigur. I 2003 deltok gruppa i Eurolaul med songen «Club Kung Fu», men nådde ikkje opp. Same året gav dei ut debutalbumet Vanilla Ninja. Gruppa oppnådde mest suksess i Tyskland, Austerrike og Sveits i tillegg til heimlandet.

Neste album, Traces of Sadness kom ut i 2004. Same året vart det bestemt at Vanilla Ninja skulle representera Sveits i Eurovision Song Contest 2005. Maarja Kivi vart gravid og forlét bandet, og 15 år gamle Triinu Kivilaan kom inn for å erstatta henne. Grunna Kivilaan sin unge alder, var det ei stund tvilsamt om gruppa fekk lov å delta i Eurovision, men dei vart godtekne av di Kivilaan fylte 16 før Eurovision-konserten starta i Kiev den 21. mai. Gruppa framførte songen «Cool Vibes», som enda på 8. plass med 128 poeng; 3 poeng før norske Wig Wam med «In My Dreams». Same året kom tredjealbumet Blue Tattoo ut, der «Cool Vibes» var med. Same året forlét Triinu Kivimaa Vanilla Ninja, og gruppa heldt deretter fram som ein trio. Dei gav ut eit samlealbum dette året.

Vanilla Ninja sitt siste album, Love Is War, kom ut i 2006. Gruppa deltok i Eurolaul 2007 med songen «Birds of Peace», men enda på fjerdeplass. Fleire av medlemmene har halde fram med solokarrierar i tida etter Vanilla Ninja, særleg Lenna Kuurmaa som deltok i Eesti laul i 2012, og har songe duettar med Ott Lepland.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Vanilla Ninja (2003)
  • Traces of Sadness (2004)
  • Blue Tattoo (2005)
  • Best Of (2005)
  • Love is War (2006)


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen byggjer på Vanilla Ninja frå Engelsk Wikipedia, henta inn 7. mars 2012.