Vanleg hønsegras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hønsegras
Hønsegras
Hønsegras
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Slireknefamilien Polygonaceae
Underfamilie: Polygonoideae
Stamme: Persicarieae
Slekt: Persicaria
Art: Hønsegras P. maculosa
Vitskapleg namn
Persicaria maculosa

Vanleg hønsegras (Persicaria maculosa, tidlegare Polygonum persicaria) er ei eittårig urt i syrefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Hønsegras har til dels vore skilt ut som ei eiga slekt, Persicaria.

Planta vert kring 40 cm høg og har opprett snau stengel. Blada er snaue ovanpå, ofte med ein mørk flekk. Slirene har ein raud ring nedst og lange hår i kanten. Blomstrane er kvite eller bleikraude utan kjertelhår. Dei dannar ei trekanta eller flat nøtt. Hønsegras blømer kring juli månad i Noreg. Det er rekna som eit ugras som mest veks i åker. Vanleg hønsegras finst i Noreg nord til Alta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vanleg hønsegras