Vartdal kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°17′9.74″N 6°5′26.92″E

Vartdal kraftverk
Foto: PeltonMan

Vartdal kraftverk ligg på Vartdal i Ørsta kommune. Utbygginga omfattar utnyttinga av Risaskarfallet. Vartdal kraftverk har ei fallhøgd på 392 m og har i dag ein normalkapasitet på 3,5 GWh pr. år. Vatnet kjem frå Risaskarvatnet, Litlevatnet og Svartevatna. Nedslagsfeltet er 4,4 km².

Dei første planane om kraftverk på Vartdal kom opp i 1911. I 1918 gjorde kommunestyret det første vedtaket om utbygging av Risaskarelva. Endeleg vedtak vart gjort 26. mars 1932. Bygging av verket tok året etter. Dei dårlege økonomiske tidene på 1920-talet, var ein av dei viktigaste grunnane til utsetjinga. Samstundes som verket vart bygd, vart det oppsett linjenett. Det vart strekt linjer til Nøre Vartdal og Barstadvik.

Det vart sett spenning på linjenettet 8. september 1934. Verket ytte 405 kW (550 hk). Driftsspenninga var 10 000 volt. Heile anlegget kosta 130 000 kroner. Av dette kosta sjølve verket 90 000 kroner. Det var utført meir enn 20 000 timar frivillig arbeid. Desse timane vart betalt med reduksjon i energiprisen i ettertid. Dei første åra var energiprisen 100 kroner for ein kilowatt i eit år (11,4 øre per kWh).

I samband med kommunesamanslåinga mellom Vartdal kommune og Ørsta kommune 1. januar 1964, vart Vartdal kommunale kraftverk ei avdeling under Ørsta kommunale elektrisitetsverk, som då vart eigar av Vartdal kraftverk. Kraftverket vart skadd av brann i 1973, og var ute av drift til 1977. Då hadde Sørumsand Verksted AS leigd verket og sett det i stand. I 1981 overtok Ørsta Energiverk på ny kraftstverket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]