Vasslås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Prinsippskisse av vasslås med to typar utforming.
Eit vasslås i moderne design.

Vasslås er ein konstruksjon som vert nytta i sluk og avløp for å hindra at kloakkgass og lukt trenger opp frå rørsystemet. Dette vert oppnått ved å utforma avløpsrøret som ein liggjande S, det vil seia lage ein bua på røyret slik at det heile tida er fylt av vatn på eit punkt.

Vatnet vert liggjande som ein barriere mellom lufta på begge sider av denne vasslåsen. Vasslåsar er obligatoriske under oppvaskbenker og utslagsvaskar, i toalett og sluk og i dei fleste typar avløp. Oftast er vasslåsa og dei bua røyra godt synlege, men ikkje alltid. I toalett med moderne design kan vasslåsen liggja skjult i konstruksjonen, og under nyare servantar vil den ofte berre stå fram som ein utbuling eller som ein sylinderformet konstruksjon nede på avløpsrøret. Under sluk er ofte vasslåsen støypt inn i golvet.

Over tid vil det samla seg skitt og avleiringer nedst i rørbuen. Difor er dei fleste vasslåsar utstyrte med ein plugg i botnen. Dei er for å tappa ut vatn og skitt og stake opp røyra. I prinsippet er det enkelt å gjera dette. Om røropplegget er gammalt og pluggen rusta fast kan det likevel vera naudsynt med fagfolk, spesielt om konstruksjonen er mura fast i golv eller vegg. Då kan ukyndig bruk av makt øydeleggja eldre konstruksjonar. Ein del nyare vasslås er konstruert slik at ein for hand kan demontera heile vasslåsen og reinsa den.

Bortsedd frå reinsing, krev sjeldan vasslås vedlikehald. Dersom avløpet står ubenyttet i lang tid er det likevel fare for at vatnet i vasslåsen fordampar, slik at kloakkgassen kan siva opp. Vasslåsar kan òg utsetjast for frost, dersom hus til dømes står ubenytta og uoppvarma på vinterstid. I såg fall kan ein forhindra skade ved å hella frostvæske i vasslåsen.

Vasslås-prinsippet vert òg nytta i gjærlås, som til dømes på vinballongar når råstoffet gjærar. I det tilfellet er poenget at gassen frå gjæringen skal sleppa ut, medan luft frå omgivnadene ikkje skal sleppa inn og forureina den gjærande væska.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]