Vassmelon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vassmelon
Vassmelon
Vassmelon
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Cucurbitales
Familie: Graskarfamilien Cucurbitaceae
Stamme: Benincaseae
Slekt: Citrullus
Art: Vassmelon C. lanatus
Vitskapleg namn
Citrullus lanatus

Vassmelon (Citrullus lanatus) er ein melonplante i graskarfamilien. Han stammar frå sørlege Afrika, men blei dyrka i middelhavslanda og Orienten alt før byrjinga av vår tidsrekning.

Vassmelon i Bulgaria.
Heile og oppskorne vassmelonar.

Planten har flikete blad og 3–20 kg store frukter med skal som er glinsande, lêraktig, grønt (eventuelt kvitflekka eller stripete) og lyseraudt, gult, oransje eller kvitt, velsmakande fruktkjøt med mange svarte frø. Frøa ligg spreidd i fruktkjøtet, i motsetnad til til dømes sukkermelon som har frøa samla i ei kjerne. Det fint også steinfrie sortar.

Vassmelon er svært vasshaldig (92 % vatn) og leskande. Han inneheld ca. 8 mg vitamin C, 7,1 g karbohydratar, 116 mg kalium og 135 kJ tilført energi per 100 g etbar vare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Vannmelon» (23. januar 2013), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 21. mars 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vassmelon