Veggli stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°2′35″N 9°8′46″E / 60.04306°N 9.14611°E / 60.04306; 9.14611

Tverrsnitt av Veggli stavkyrkje, etter teikning av Christian Christie
Foto: Kulturminnebilder.no

Veggli stavkyrkje var ei stavkyrkje i Veggli i Rollag kommune i Numedal.

Alderen til kyrkja synest ikkje å vere kjend. Kunnskapen om kyrkja byggjer for ein stor del på oppmålingar og skisser utarbeidde av Christian Christie før kyrkja vart riven i 1861, to år etter at dagens Veggli kyrkje stod klar.

Stolpe frå Veggli stavkyrkje
Foto: Eirik Irgens Johnsen / Unimus
Inngangen til kyrkjegarden der stavkyrkja stod. Innanfor er berre ei blomstereng i dag.
Foto: Jan-Tore Egge

Det opphavelege stavbygget skal ha hatt rektangulært skip og smalare kor, der skipet var om lag 5,70 m langt og 4,60 m breitt og veggane var om lag 3,75 m høge. Breidda på koret anslås til rundt 2 meter. Dette koret vart truleg rive i 1684, då kyrkja fekk eit nytt, tømra kor. Kyrkja var blitt utvida nokre år tidlegare og vart utvida igjen i 1704–08 med tverrskip, slik at ho vart ei krosskyrkje. Etter midten av 1700-talet fekk kyrkja våpenhus.[1]

Det finst få vitnesbyrd om interiøret, men ein korbogestav er å finne i Oldsaksamlinga, og det skal finnast ei rosemåla dør og nokre dekorerte bord frå kyrkja i privat eige.

Døypefonten frå stavkyrkja er overført til den nye kyrkja. Elles synest det gamle inventaret å ha gått tapt.

Kyrkjegarden vart utvida i 1828 og var i bruk også etter at kyrkjegarden ved dagens kyrkje var opparbeidd. Han er omgjeven av eit steingjerde med portal ved inngangen. Innanfor finn ein berre ville vekstar, inga synleg tuft.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bygningshistoria byggjer på «Norges kirker».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]