Rollag kommune
Rollag kommune | ||
kommune | ||
|
||
Land | ![]() |
|
---|---|---|
Fylke | Buskerud | |
Adm.senter | Rollag | |
Areal | 449 km² | |
- land | 434 km² | |
- vatn | 15 km² | |
Folketal | 1 411 (1. januar 2018) | |
Folketettleik | 3 / km² | |
Målform | nøytral | |
Ordførar | Dag Lislien (Sp) | |
Kommunenummer | 0632 | |
Wikimedia Commons: Rollag | ||
Nettstad: www.rollag.kommune.no | ||
Rollag kommune er ein kommune i Numedal i Buskerud fylke. Kommunen grensar i nordvest til Nore og Uvdal kommune, i aust mot Sigdal kommune, i sør mot Flesberg kommune, og i vest mot Tinn kommune i Telemark fylke.
Den offisielle skildringa av kommunevåpenet er «To oppstigende gullspisser, møtende i øvre skjoldrand, mot rød bakgrunn». Våpenet viser stilisert ein varde og er frå 1993.
Innhaldsliste
Næringsliv og samferdsel[endre | endre wikiteksten]
Rollag er ein jordbruks- og skogbrukskommune. Dei fleste gardane ligg på morenejord i hovuddalføret 200–300 moh. Jordbruket er basert på hald av husdyr (særleg storfe og sau), men det er også dyrka atskilleg korn. Kongsberg Automotive har ein fabrikk i Rollag, som er å rekna som ei hjørnesteinsbedrift i kommunen. I Rollag ligg Numedal folkehøgskole, ein folkehøgskole som fokuserer på idrett.
Fylkesveg 40 (Kongsberg–Geilo) går gjennom kommunen langs Lågen. Frå Veggli kyrkje går det sommarveg vestover til Tinn kommune i Telemark og frå dei sørlege delane av bygda over til Sigdal kommune. Numedalsbanen som gjekk frå Kongsberg til Rødberg har nå noko turisttrafikk i privat regi; overfor Veggli er det berre dressinkjøring.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Rollag kommune omfattar Numedal frå Fossan til Vergja bru, i tillegg til fjelltraktene på begge sider. Dalsidene i Numedal er for det meste bratte og skogkledde, og åslandet på begge sidene av hovuddalføret er svært kupert. Nesten to tredelar av arealet i kommunen ligg høgre enn 600 moh. Det høgste punktet er Storegrønut som er 1289 m.o.h. og ligg på Vegglifjell, på grensa til Telemark i nordvest.
Det er to tettstader i Rollag kommune, kommunesenteret Rollag og det noko større Veggli. Busetnaden i kommunen følgjer for det meste hovuddalføret der desse to tettstadene ligg.
-
Rollag stavkyrkje i Rollag.
-
Vegglifjell, det høgste fjellområdet i kommunen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Rollag» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Rollag kommune — Offisielle heimesider
Kommunar i Buskerud | ||
---|---|---|
![]() |
|