Numedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Numedalslågen. Mykstufoss ved Veggli i Numedal.

Numedal eller Numedalen (lokalt ofte uttala Nomedal), er ein av dei tre sentrale dalane i Buskerud fylke. Dalen kan reknast frå Rødberg eller frå Tunhovdfjorden, og strekkjer seg ned til Flesberg. Dalføret etter Kongsberg ut mot Larvik er oftast kalla Lågendalen. Numedalslågen er hovudåra i dalen.

Numedal tel kommunane Nore og Uvdal, Rollag, og Flesberg. Administrativt høyrer òg Kongsberg til, som tidlegare var Øvre Sandsvær. Bygdene i dalen, rekna nedetter, er Rødberg, Veggli, Rollag, Svene, Lampeland og Flesberg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Numedal
Spire Denne geografiartikkelen som har med Buskerud å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.