Vegtistel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vegtistel
Cirsium lanceolatum.jpg
Systematikk
Rike: Plantar Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Slekt: Vegtistelslekta Cirsium
Art: Vegtistel C. vulgare
Vitskapleg namn
Cirsium vulgare
(Savi) Ten.

Vegtistel er ei urt i korgplantefamilien. Arten er utbreidd i Europa, Asia og Nord-Afrika.

Blome og frø.

Planta er kring 70 cm høg og har grov grågrøn stengel med mange greiner. Ho har buktfinna blad med lange kvasse tornar, kvitlodne på undersida. Oversida har små tornar. Korgdekkblada er grågrøne og sprikjande med kvass gul odd.

Vegtistelen blømer kring juli månad i vegkantar, på turre stader og avfallsplassar. Han finst i det sørlege Noreg så langt nord som til Salten. Planta er blitt funne opp til 680 m på Voss.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk Wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.