Vennskapsbrua Giurgiu-Ruse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vennskapsbrua Giurgiu-Ruse
bulgarsk Мост на дружбата, Most na druzhbata, rumensk Podul prieteniei
Most-druschba.jpg
Typeinternasjonal bru
StadMellom Giurgiu i Romania og Ruse i Bulgaria
Opna20. juni 1954
StrekningEuropaveg 85, jernbanelinje
Lengd2 223 meter
Fri høgd30 m
KryssarDonau
UtformingFagverksbru
TransportererBilar (tofeltsveg), jarnbane, fotgjengarar

Vennskapsbrua Giurgiu-Ruse
43°53′15″ N 26°0′26″ E

Vennskapsbrua Giurgiu-Ruse eller meir vanleg Donau-brua (bulgarsk Дунав мост, Dunav most) er ei fagverksbru av stål over Donau, som knyter den sørlege breidda i Bulgaria til den nordlege breidda i Romania mellom byane Ruse og Giurgiu.

Brua opna 20. juni 1954 og var teikna av V. Andreev. Brua er 2,80 km lang, og er den einaste brua så langt over Donau mellom Bulgaria og Romania. Anna trafikk over elva førgår ved hjelp av ferjer. Brua har to etasjar, ein for veg (to felt), og ein for jarnbane, i tillegg til fortau for fotgjengarar. Det tok to og eit halvt år å byggje brua med hjelp frå Sovjetunionen. Vennskapsbrua Giurgiu-Ruse hadde lenge grensekontrollar på kvar side av brua. Etter 1. januar 2007 vart det ikkje lenger utført tollkontroll, og passkontroll vert berre utført ein stad av anten det bulgarske eller rumenske politiet, sidan grensa er ei indre grense i EU. Grensekontrollen vart heilt fjerna då Bulgaria og Romania vart ein del av Schengenavtalen.

Vennskapsbrua Giurgiu-Ruse