Venskaben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Venskaben fotografert i mai 2010.
Foto: Trarir

Venskaben er namnet på eit hus frå 1904 på Asker i Asker kommune. Eigar av huset, som på mange måtar har hatt særs mykje å seie for folket i bygda i lange tider, er Asker kommune.

Venskaben vart teikna av arkitekt Ivar Næss, er bygd i tre og vart reist av Asker Venskabelige Forening, ei kvinneforeining som hadde som si einaste oppgåve å skaffe bygda eit forsamlingshus. Huset vart innvigd 17. desember 1904, og hadde opphavleg namnet Asker Festivitets- og Kommunelokale. Kommunen fekk overta bygningen i 1921 som gåve, heilt gjeldfri, men på vilkår av at kvinneforeininga framleis skulle kunne ha møta sine og det årlege juleballet sitt der.

I 1905 flytta Asker heradsstyre og Asker sparebank inn i bygningen. Kommunen hadde kontor her fram til rådhuset i Asker stod ferdig i 1964, medan Asker Sparebank hadde tilhald her fram til 1919. Bygningen har elles vore nytta som tingstad, til kunstutstillingar og som teater- og kinosal, og har i det heile vore sjølve grunnlaget for alt av kulturell verksemd og andre aktivitetar i Askerbygda i lange tider.

Venskaben er i dag brakt attende til si opphavlege prakt, og inneheld lokala Storsalen, Formannskapssalen og Salongen, som vert leigde ut som selskaps- og forsamlingslokale ved ulike høve.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]