Venstresosialistisk gruppe i Nordisk Råd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den venstresosialistiske grøne gruppa i Nordisk Råd består av dei nordiske venstresidepartia SV, Vänsterpartiet (Sverige), Socialistisk Folkeparti og Enhedslisten (Danmark), Inuit Ataqatigiit (Grønland), Venstrepartiet dei grøne (Island), Venstreforbundet (Finland) og Tjódveldisflokkurin (Færøyane).

Rolf Reikvam frå SV vart hausten 2006 vald som gruppeleiar for den venstre-grøne gruppa i Nordisk Råd. Han vil som gruppeleiar prioritere arbeidet med kultur, utdanning og forsking, uttalar han til SV sin nettstad, der det òg heiter at Reikvam "no får ei aktiv rolle i partigruppene sitt arbeid for ein fellesnordisk innsats for utvikling av den nordiske velferdsmodellen" [1] Arkivert 2007-10-10 ved Wayback Machine..