Kjøken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit moderne kjøken.

Kjøken eller kjøkken er nemninga på rom i privathus, restaurantar, sjukehus eller andre institusjonar og så bortetter som er særleg innretta for tillaging av mat. Ordet er òg nytta om ulike matlagings- og serveringsstader, og om kokekunst knytt til ein viss kultur.

Kjøken inneheld som regel ein eller fleire innretningar til å varma matvarer, som komfyr, omn og mikrobølgjeomn, og anna kjøkenutstyr. Ein kan oppbevara matvarer her, i nokre høve i kjøleskåp og frysar. Rommet kan òg vera tilknytt spiskammer eller andre lagerrom. Nokre kjøken blir berre nytta til matlaging, men andre kan òg vera opphaldsrom med bord til å sitja og eta ved og liknande.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kjøkenmåleri frå 1300-talet. Kjøkenet er sparsommeleg innreidd, men har skorstein over eldstaden.

Førmoderne hus har som regel ikkje eige kjøken. Matlaginga kan finna stad ved ein eldstad inne i huset, eller utanfor. Matstellet i dei nordiske bondegardshusa gjekk føre seg ved den einaste eldstaden i stova, medan den grovare tillaginga, med slakt og liknande, vart gjort i eit eige eldhus. Under meir krevjande tilhøve, som til dømes matlaging for mange menneske til kvardag og til fest på herregardar og slott, har kjøkenet alltid vore skilt ut som eit spesialisert, typisk arbeidsrom, gjerne lagt til kjellaren eller til ei eiga fløy.

Den spesielle innreiinga av kjøkena er ikkje minst prega av utviklinga av eldstaden frå å vere open eld (åre) til at peis med skorstein vart vanleg, deretter avløyst i mange kjøken av komfyr av støypejarn for fyring med ved, kol eller torv. Vedkomfyren vart avløyst av gasskomfyr på kjøkena i mange byar etter at dei offentlege gassverka som laga ljosgass av steinkol kom i bruk (frå om lag 1850). Frå 1920-åra vart den elektriske komfyren meir og meir vanleg.

Restaurantkjøken i Beijing med døme på «det kinesiske kjøkenet».

Annan bruk av ordet kjøken[endre | endre wikiteksten]

«Kjøken» kan òg vera nemninga på ymse typar verksemder som lagar finare mat for å seljast ut av huset, til dømes kalla delikatessekjøken eller cateringkjøken. Dessutan vert nemninga kjøken nytta om enkle serveringsstader, kalla gatekjøken osb, som serverar snøggtillaga mat i små porsjonar som kundane tek med seg for å ete ståande og gåande.

I overført tyding er «kjøken» nemninga på matlagingskunst som er knytt til, eller har opphav i, matlagingstradisjonar i eit geografisk eller kulturelt område. Til dømes er det franske kjøken ei nemning for kokkekunst som er basert på franske matlagingstradisjonar, det provençalske kjøken ei nemning på kokkekunst basert på tradisjonar frå eit sørfransk-norditaliensk område og så bortetter. Ein talar òg om kjøken knytt til matlagingstradisjonar i dei ulike samfunnslaga, som til dømes det franske aristokratiske kjøkenet, det franske landsens (rurale) kjøkenet og så bortetter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kjøken
Spire Denne matartikkelen som har med arkitektur å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.