Vera Lynn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vera Lynn
Dame Vera Lynn.jpg
Fødd20. mars 1917
FødestadEast Ham
FødenamnVera Margaret Welch
OpphavStorbritannia
Sjangerrock, popstandardard
Instrumentvokal
PlateselskapThe Gramophone Co. Ltd., EMI, His Master's Voice, Decca Records, London Records
Verka somskodespelar, songar, singer-songwriter, sjølvbiograf
Prisarkommandørdame av Order of the British Empire

Vera Margaret Lynn (fødd 20. mars 1917) er ein britisk songar, låtskrivar og skodespelar. Ho var særskild populær på 1930- og 1940-talet. Under andre verdsrkigen turnerte ho blant militære i Egypt, India og Burma, og fekk kallenamnet «the Forces' Sweetheart».

Ho er kjend for framføringa av songar som «We'll Meet Again», «The White Cliffs of Dover», «A Nightingale Sang in Berkeley Square» og «There'll Always Be an England». Ho blei verande populær også etter krigen, med mange opptredenar på radio og fjernsyn i Storbritannia og USA. Ho spelte inn hittar som «Auf Wiederseh'n Sweetheart» og «My Son, My Son». Den siste singelen hennar, «I Love This Land», blei gjeven ut for å markera slutten av Falklandskrigen. I 2009, då ho var 92, blei Lynn den eldste levande artisten til å nå toppen av albumlista i Storbritannia, med We'll Meet Again: The Very Best of Vera Lynn.[1] I 2017, året då ho fylte hundre år, gav ho ut albumet Vera Lynn 100. Det nådde tredjeplassen på albumlista, og gjorde henne til den første hundreåringen til å ha eit album på topplista.

Lynn har også brukt mykje tid og energi på veldedig arbeid knytt til tidlegare soldatar, barn med funksjonshemmingar og brystkreft. Ho blei utnemnd til Dame Vera Lynn (DBE) i 1976. I 2000 blei ho kåra til den briten som var det beste dømet på ånda frå 1900-talet i ei britisk meiningsmåling.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1949 - Sincerely Yours
  • 1956 - If I Am Dreaming
  • 1958 - The Wonderful World of Nursery Rhymes
  • 1959 - Vera Lynn Sings...Songs of the Tuneful Twenties
  • 1960 - Sing With Vera
  • 1960 - Yours
  • 1961 - As Time Goes By
  • 1962 - Hits of the Blitz
  • 1963 - The Wonderful Vera Lynn
  • 1964 - Among My Souvenirs
  • 1966 - More Hits of the Blitz
  • 1970 - Hits of the 60's-My Way
  • 1972 - Unforgettable Songs by Vera Lynn
  • 1972 - Favourite Sacred Songs
  • 1974 - Vera Lynn Remembers – The World at War
  • 1976 - Christmas with Vera Lynn
  • 1977 - Vera Lynn in Nashville
  • 1979 - Thank You For the Music (I Sing The Songs)
  • 1981 - Singing To the World
  • 1984 - Vera Lynn Remembers

Samlingsalbum i urval[endre | endre wikiteksten]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Priser og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Simpson, Richard (14. september 2009). «Dame Vera Lynn, the new queen of the album charts at 92». Daily Mail (UK). Henta 9. februar 2016. 
  2. Manheim, James M. «Vera Lynn biography». Index of Musician Biographies. Henta 10. januar 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]