(There'll Be Bluebirds Over) The White Cliffs of Dover

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«(There'll Be Bluebirds Over) The White Cliffs of Dover» er ein populær engelskspråkleg song frå andre verdskrigen. Han blei skriven i 1941 av dei to amerikanarane Walter Kent, som skreiv teksten, og Nat Burton som komponerte melodien. Songen er særleg kjend gjennom den britiske songaren Vera Lynn sin versjon frå 1942.

Songen viser til Dei kvite klippene ved Dover, eit engelsk nasjonalsymbol, og «bluebirds», eit amerikansk symbol på glede og lukke. Desse fuglane er ein type [[Trastefamilien|trastar frå slekta Sialia, som ikkje finst i Storbritannia. Han ser også fram til ei framtid med fred og fridom.

Songen blei skriven av Walter Kent i 1941, omlag eit år etter Slaget om Storbritannia, der britiske og tyske fly kjempa om herredøme over luftrommet rundt Storbritannia. Han bad Nat Burton om å skriva melodi til songen.[1]

«The White Cliffs of Dover» blei først gjeven ut i USA i november 1942 i ei innspeling med bandleiaren Kay Kyser. Fire andre artistar nådde også Topp 20 med sangen same året: Glenn Miller, Sammy Kaye, Jimmy Dorsey og Kate Smith.[2]

Vera Lynn spelte inn songen for Decca i London den 20. mars 1942. Dette er ei av hennar best kjende innspelingar.

Andre artistar som har spelt inn songen på plate er mellom anna Bing Crosby, Connie Francis, Jim Reeves og The Righteous Brothers. I juni 1995 nådde versjonen til Robson and Jerome førsteplassen på den britiske singellista i ein medley med «Unchained Melody».[2]

Norsk versjon[endre | endre wikiteksten]

Bjørn Tore André har skrive ein norsk tekst til songen med tittelen «De hvite fjell ved Dover». Helge Borglund har spelt inn songen. Han blei gjeven ut på CD-plata Frem fra glemselen. Kap. 19 (A2 Records ACD2002). Produsentar var A. Rønningsveen og Arve Sigvaldsen.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vosburgh, Dick (8 March 1994). «Obituary: Walter Kent». Tthe Independent. Henta 20 April 2018. 
  2. 2,0 2,1 There'll Be Blue Birds Over The White Cliffs of Dover Arkivert 5. august 2010 på Wayback Machine.
  3. CD-coveret