Verbbøying i grenlandsmålet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Verbbøyinga i grenlandsmålet fylgjer i hovudsak dei same prinsippa som i nynorsk. Verba i grenlandsmålet kan delast i linne verb og sterke verb. Linne verb endar på ei trykkveik staving i preteritum, sterke verb endar på ei trykksterk staving i preteritum.

Linne verb[endre | endre wikiteksten]

Dei linne verba blir bøygde etter tre hovudmønster, LV1, LV2 og LV3, der LV1 er mest produktiv og LV3 minst produktiv. Fire bøyingsformer blir oppgjevne: infinitiv, presens indikativ, preteritum indikativ og perfektum partisipp:

  • LV1:
    • ²kaste – ²kastær – ²kasta – ²kasta 'kaste'
    • ²trʉːe – ²trʉːær – ²trʉːa – ²trʉːa 'truge'
  • LV2:
    • ²byge – ²byger – ²bygde – ¹bygd 'byggje'
    • ²trøke – ²trøker – ²trøkte – ¹trøkt 'trykkje'
  • LV3:
    • ²kreːve – ¹kreːver – ¹krevde – ¹krevd 'krevje'
    • ²leːse – ¹leːser – ²leste – ¹lest 'lese'
    • ¹trʉː – ¹trʉːr – ²trʉde – ¹trʉd 'tru'

Ei stor undergruppe er LV12, i hovudsak gamle LV1-verb som har fått alternativ LV2-bøying i preteritum indikativ og perfektum partisipp:

  • LV12:
    • ²ruːpe – ²ruːpær – ²ruːpa ~ ²rupte – ²ruːpa ~ ¹rupt 'rope'
    • ²liːke – ²liːkær – ²liːka ~ ²likte – ²liːka ~ ¹likt 'like'

Sterke verb[endre | endre wikiteksten]

Dei sterke verba kan delast inn i fire grupper, SV1, SV2, SV3 og SV4. Fram til mellomkrigstida fanst òg ei klårt definert femte gruppe, SV5, som seinare har fått linn bøying. Dei tre fyrste er til ein viss grad produktive, medan SV4 er ei restgruppe med mange undergrupper, der det her berre vil bli nemnt nokre få døme. Når to alternative former er nemnde før og etter ein skråstrek (/), er den fyrste yngst og den andre eldst; dei gamle formene gjekk av bruk i sentrale område i mellomkrigstida.

  • SV1:
    • ¹skriːve – ¹skriːver – ¹skræiv – ²skriːvi 'skrive'
    • ¹vriː – ¹vriːr – ¹vræi – ¹vrid 'vri'
  • SV2:
    • ²ʃyːte – ¹ʃyːter – ¹ʃøyt – ²ʃyːti 'skyte'
    • ¹fɽyː / ²fɽyːe – ¹fɽyːr / ¹fɽyːer – ¹fɽøy / ¹fɽæʉ – ¹fɽyd / ²fɽyːi 'spy'
  • SV3:
    • ²stike – ¹stiker – ¹stak – ²stiki / ²stuki 'stikke'
    • ²syŋe – ¹syŋer – ¹saŋ – ²syŋi / ²suŋi 'syngje'
    • ²dete – ¹deter – ¹dat – ²deti / ²duti 'dette'
    • ²fine – ¹finer – ¹fant – ²fini / ²funi 'finne'
  • SV4:
    • ²soːve – ¹soːver – ¹soːv – ²soːvi 'sove'
    • ¹taː – ¹taːr – ¹tuk – ¹tat 'ta'
    • ²lige – ¹liger – ¹loː / ¹luː – ²ligi / ²lugi 'liggje'
  • SV5:
    • ²bæːre – ¹bæːrer – ²bæːʈe / ¹baːr – ¹bæːʈ / ²buːri 'bere'
    • ²ʃæːre – ¹ʃæːrer – ²ʃæːʈe / ¹skaːr – ¹ʃæːʈ / ²skuːri 'skjere'
    • ²stæːɽe – ¹stæːɽer – ²stæːʈe / ¹staːɽ – ¹stæːʈ / ²stuːɽi 'stele'