Verdas bokdag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Markering av verdas bokdag i Tunisia i 2012.

Verdas bokdag eller verdas bok- og opphavrettsdag er ei årleg markering for litteratur, forfattarar, illustratørar og opphavsrett halden av UNESCO. Dagen blir markert den 23. april, som er den tradisjonelle fødselsdagen til William Shakespeare, og dødsdagen til både Shakespeare og Miguel de Cervantes i 1616. Den internasjonale markeringa blei innstifta i 1995 på UNESCO si generalforsamling i Paris.

Nokre land markerer dagen på andre datoar, som den første torsdagen i mars i Storbritannia og Irland, og på 13. april i Sverige i dei åra dagen har falle samtidig med påske.

Noreg har delteke i feiringa av dagen sidan 1997. Bokhandlar, skular, bibliotek og samskipnader deltek i feiringa.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

23. april er jørgensdagen, som er blitt feira med bokgåver i Catalonia sidan tidleg på 1900-talet. Både Shakespeare, Cervantes og Inca Garcilaso de la Vega døydde rundt 23. april 1616 - Cervantes blei gravlagd denne dagen, medan Shakespeare døydde den 23. april etter den julianske kalenderen som blei brukt i England på den tida. 23. april er også døds- eller fødselsdag til forfattarar som Maurice Druon, Halldor Laxness, Vladimir Nabokov, Josep Pla og Manuel Mejía Vallejo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]