Verdon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Verdon
elv
none  Gorges du Verdon
Gorges du Verdon
Land Frankrike Frankrike
Kjelde Dei maritime Alpane
 - høgd 2 400 m moh
Munning Durance
Lengd 175 km km
Nedslagsfelt 2 270 km² km²
Wikimedia Commons: Verdon River

Verdon er ei 175 km lang elv søraust i Frankrike, og ei av sideelvane til Durance frå venstre. Ho har sitt utspring i ei høgd om lag 2 400 meter over havet sørvest i Alpane (Dei maritime Alpane) nær Col d'Allos i fjellkjeda Trois Evêchés nær Barcelonnette. Ho renn sørvestover gjennom følgjande departement og byar:

Gorges du Verdon

Verdon renn gjennom fleire kunstige innsjøar før ho munnar ut i Durance nær Vinon-sur-Verdon sør for Manosque. Verdon er mest kjend for den imponerande gjelet ho renn gjennom, Gorges du Verdon. Dette kalksteinsgjelet er 20 km langt og meir enn 300 meter djupt, og er ein populær turiststad, mellom anna for fjellklatring. Namnet kjem av den grønaktige fargen vatnet har i gjelet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Verdon