Verdstre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Verdstreet Yggdrasil. Illustrasjon frå Northern Antiquities, ei omsetjing av Den yngre Edda frå 1847. Av Oluf Olufsen Bagge.

Verdstre er eit motiv som opptrer i fleire religionar og mytologiar, særleg innan indoeuropeiske, sibirske og amerikanske urfolkstradisjonar. Verdstreet kan vera eit kjempemessig tre som held oppe himmelen, og slik bind saman himmelen, jorda og underverda gjennom røtene. Det kan også vera sterkt knytt til motivet livstreet.

Spesifikke verdstre er mellom anna égig érő fa i ungarsk mytologi, Ağaç Ana i tyrkisk mytologi, Andndayin Ca˙r[1] i armensk mytologi, Modun i mongolsk mytologi, Yggdrasil i norrøn mytologi, Irminsul i germansk mytologi, eika i slavisk, finsk og baltisk mytologi, Iroko i yorubareligion, Jianmu i kinesisk mytologi, og Ashvattha (ein Ficus religiosa) i hindumytologi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Farnah : Indo-Iranian and Indo-European studies in honor of Sasha Lubotsky. Lucien van Beek, Alwin Kloekhorst, Guus Kroonen, Michaël Peyrot, Tijmen Pronk, Michile de Vaan. Ann Arbor. 2018. ISBN 978-0-9895142-4-8. OCLC 1104878206. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Bauks, Michaela. "Sacred Trees in the Garden of Eden and Their Ancient Near Eastern Precursors". In: Journal of Ancient Judaism 3, 3 (2012): 267-301. doi: https://doi.org/10.30965/21967954-00303001
  • Butterworth, E. A. S. The Tree - the Navel of the Earth. Berlin: de Gruyter, 1970.
  • Holmberg, Uno. Der Baum des Lebens (= Suomalaisen Tiedeakatemian toimituksia. Sarja B = Series B, 16, 3, ISSN 0066-2011). Suomalainen Tiedeakatemia, Helsinki, 1922 (Auch: Edition Amalia, Bern 1996, ISBN 3-9520764-2-2).
  • Karpun, Mariia. "Образ мирового древа в традиционной культуре донского казачества" [Representations of the World Tree in traditional culture of Don Cossacks]. In: Przegląd Wschodnioeuropejski IX/2018, nr. 2, pp. 115-122. Published by Wydawnictwo Uniwersytetu Warmińsko-Mazurskiego w Olsztynie.