Verrasundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Verrasundet er ein 22 km lang fjordarm av Trondheimsfjorden som strekkjer seg sørvestover frå Beitstadfjorden i kommunane Verran og Inderøy i Trøndelag.

Fjorden har innløp mellom Skjelstad i vest og Finnsvika i aust. Verrastranda ligg på vestsida like innanfor innløpet. Ei rekkje bruk ligg innover fjorden på vestsida, som Bolmset, Stavrem og Vølset. Sør for Vølset, på andre sida av fjorden ligg Hindberg. Om lag halvvegs inn i fjorden stikk Hovdklumpen ut i fjorden frå austsida. Fjorden er her på det smalaste, omkring 200 meter, og sundet forbi neset vert kalla Trongstundet. Inst i fjorden ligg Verrabotn

Riksveg 720 går langs heile vestsida av fjorden, medan Fv191 går langs delar av austsida.

Koordinatar: 63°52′4.4400″N 10°49′2.6868″E