Steinkjer kommune
Denne artikkelen treng oppdatering. |
Steinkjer kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Steinkjer | ||
Areal | 2 122,06 km² | ||
- land | 1 942,05 km² | ||
- vatn | 180,01 km² | ||
Folketal | 24 152 (1. januar 2021) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Anne Berit Lein (Sp) | ||
Kommunenr. | 5006 | ||
![]() Steinkjer | |||
Wikimedia Commons: Steinkjer | |||
Nettstad: www.steinkjer.kommune.no | |||
Steinkjer (sørsamisk: Stïentje) er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar i nord mot Namsos og Overhalla, i nordaust og aust mot Snåsa, i sør mot Verdal, og i vest mot Inderøy, Åfjord og Indre Fosen.
Steinkjer er administrasjonssenteret i fylket. Han ligg inst i Trondheimsfjorden og er derfor tilgjengeleg med båt, noko som har gjort handel til og frå byen enkel. I dag går E6 rett gjennom byen. Trønderbanen sluttar her og Nordlandsbanen frå Trondheim går vidare nordover. Bygrensa går i nord ved Sælisvingen og i sør ved Figga.
Steinkjer er ein by som i stor grad er grunnlagt på industri og jordbruk, men han har i det siste òg markert seg som eit senter for IT
Symbolikken bak kommunevåpenet var opphavleg at seks vegar møttest i byen, men det har blitt forandra seinare slik at byen nå er midten av stjerna, mens strålane står for dei seks tettstadene i kommunen: Beitstad, Egge, Kvam, Ogndal, Sparbu og Stod.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Steinkjer med småplassane Mære og Egge har vore eit historisk maktsentrum, særleg i norrøn tid og i tidleg mellomalder. Det er gjort fleire viktige arkeologiske funn i området.
Kultur[endre | endre wikiteksten]
Nokre av dei kulturelle hendingane som blir arrangerte i Steinkjer årleg er Steinkjerfestivalen, Steinkjermartnan, Vikingefestivalen og Risrocken. Elles er Egge museum verd å sjå.
Folk frå Steinkjer[endre | endre wikiteksten]
- Louise Qvam, (1866–1944), lege[1] og kvinnesaksforkjempar med framlegg til Stortinget om avgrensa stemmerett for kvinner ved kommuneval, lov vedteken 29. mai 1901[treng kjelde]
- Augusta Aasen (f. 1878), fødd i Osen i Søndre Throndhjems amt
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Louise Gram Qvam (1866–1944) – lokalhistoriewiki.no», lokalhistoriewiki.no, henta 30. mai 2020
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

- Steinkjer kommune sine heimesider
- Steinkjerpuls - Kva skjer i byen?
- Steinkjer Turistkontor
- Vikingefestivalen
- Steinkjer-Avisa
- Trønderavisa
- HINT - høgskolen i Nord Trøndelag