Hopp til innhald

Vesterøy

Vesterøy
Geografi
StadYtre Oslofjord
Koordinatar59°5′45″N 10°53′15″E / 59.09583°N 10.88750°E / 59.09583; 10.88750
ØygruppeHvaler
Areal15,2 km²
Høgaste punktDeleberget (72 moh.)
Administrasjon
LandNoreg Noreg
FylkeØstfold

Vesterøy er den nest største av Hvalerøyane i Østfold.

Som dei fleste andre øyane på Hvaler, har øya mange hytter, og folkesetnaden aukar med mange hundre prosent om sommaren. Øya har stort sett granittfjell, med små «vauer» (vikar) innimellom. Dei største busetnadane er Utgårdskilen, Papper, Hauge og Papperhavn, men folkesetnaden er spreidd over nesten heile øya.

Øya er den første øya ein kjem til om ein køyrer «Fastlandsvegen» riksveg 108 frå Fredrikstad. Vesterøy ligg mellom Spjærøy i aust og Papper i vest og har brusamband til begge.