Vestisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
GreenlandSeaPolarProjection2.png

Vestisen er eit havområde i Grønlandshavet med pakkis i vinterhalvåret som ligg nord for Island mellom Grønland og Jan Mayen. Det vert òg kalla Vesterisen.[1]

Det har vorte drive mykje selfangst i området ved Jan Mayen, då det i mars-april er ein ynda ynglestad for grønlandssel og klappmyss. Istilhøva er forskjellige frå år til år og ustabile vêrtilhøve med kraftige stormar, mykje tåke og snøbyer kombinert med det folketomme Austgrønland, gjorde at det var dårlege utsikter til redning for selfangarar i havsnaud. Over hundre norske fangstmenn har omkome, mellom anna i dei tre forlisa i Vestisen (1917, 1933 og 1952). Det største av dei var i april 1952 då fem fangstskuter forsvann sporlaust og 78 mann omkom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vestisen».  Parameteren |title= er ikkje støtta av malen. Meinte du |tittel=?) (hjelp); Parameteren |utgiver= er ikkje støtta av malen. (hjelp)