Vestre Moland prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°15′53″N 8°21′41″E / 58.26472°N 8.36139°E / 58.26472; 8.36139

Vestre Moland prestegard
Foto: E.R./Riksantikvaren

Vestre Moland prestegard ligg nordvest for Vestre Moland kyrkje i Lillesand kommune.

Forpaktarbustaden er opphaveleg oppført på 1600-talet, men ombygd i 1770, 1881–82 og 1925. Stabburet er frå 1830. Begge desse er freda saman med ein jordkjellar frå 1831. Elles er hovudbygningen frå 1714, og det finst eit stolpehus frå 1830 og eit vognskjul som vart oppført i 1850, men ombygd i 1993.[1]

Prestegarden er seld av Opplysningsvesenets fond.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ifylgje Lokalhistoriewiki
  2. Opplysningsvesenets fond: Årsrapport 2013[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]