Sandøya i Tvedestrand
Utsjånad
(Omdirigert frå Vestre Sandøya)
Sandøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Sørlandet |
Koordinatar | 58°35′26″N 09°03′06″E / 58.59056°N 9.05167°E
|
Areal | 3,8 km²
|
Høgaste punkt | Barlindheiene (55 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Agder
|
Sandøya er ei øy på Skagerrakkysten i Tvedestrand kommune i Aust-Agder i Agder fylke. Ho er ei skogkledd øy med eit areal på 3,8 km². Sandøya har butikk, barnehage, skule, gjestehus i det gamle bedehuset, båtbyggeri, keramikkverkstad og arkitektkontor.
Øya har ferjesamband frå Sandøykilen, Lyngør, Gjeving brygge og Hagefjorden. Sandøyfjorden ligg på nordsida av øya og på vestsida ligg Hagefjorden.