Vetlefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°17′9″N 6°33′20″E Vetlefjorden er ein sidefjord til Fjærlandsfjorden på nordsida av Sognefjorden i Balestrand kommune. Fjorden strekkjer seg 6 km rett nordover til grenda Ulvastad i bygda Vetlefjorden.

Fjorden har innløp mellom Kolven i sørvest og grenda Menes i nordaust. Like innanfor innløpet ligg grenda Farnes på vestsida og nord for Farnes går Sværafjorden nordaustover og inn til grenda Sværen. På vestsida av Sværafjorden ligg grenda Dale med hengedalen Dalsdalen. På nordsida av innløpet til Sværafjorden ligg grenda Torsnes. Fylkesveg 13 går langs heile vestsida av fjorden.