Vette skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Strömstad vart grunnlagd i Vette härad etter at området hadde vorte svensk, for å konkurrere med Fredrikshald (Halden).

Vette (Vetta) skipreide var den nordlegaste av skipreidene i Båhuslen. Ho femna om soknene Skee, Tjärnö, Hogdal, Näsinge og Lommeland, det vil seie noverande Strömstads kommun.

Då heile Båhuslen vart svensk territorium etter freden i Roskilde i 1658 vart skipreidene i landskapet innlemma i den svenske heradsordninga, og Vette skipreide vart omskipa til Vette härad.