Vi er våre fjell
Utsjånad
Vi er våre fjell | |||
![]() | |||
![]() Vi er våre fjell 39°50′13″N 46°46′11″E / 39.837083333333°N 46.769838888889°E |
---|
«Vi er våre fjell» (armensk Մենք ենք մեր լեռները, Menk jenk mer lernere), også kjent som «Bestemor-bestefar» (armensk տատիկ-պապիկ, tatik-papik), er eit monument nord for Stepanakert, hovudstaden i Republikken Artsakh. Monumentet vart ferdigstilt i 1967 av Sargis Baghdasarjan og er rekna som eit symbol på den armenske arven i Nagorno-Karabakh. Monumentet er laga av vulkansk tufa og framstiller ein gammal mann og ei gammal kvinne, som representerer fjellfolket i Karabakh. Monumentet er med på våpenskjoldet til Artsakh.[1]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Utsikt frå toppen der monumentet er plassert.
-
«Vi er våre fjell» på 5 dram-mynten.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Coat of Arms, arkivert frå originalen 11. juli 2011, henta 22. mai 2022
- Denne artikkelen bygger på «Vi er våre fjell» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mai 2022.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |