Hopp til innhald

Vieren haldeplass

Koordinatar: 60°42′33″N 6°58′46″E / 60.70917°N 6.97944°E / 60.70917; 6.97944
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vieren haldeplass
Stasjonsområde
Stad Langvasstølen, Ulvik (Vestland)
Koordinatar 60°42′33″N 6°58′46″E / 60.70917°N 6.97944°E / 60.70917; 6.97944
Distanse 344,80 km frå Oslo
Opna 1948
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bergensbanen
Eigar(ar) Bane NOR
Operatør(ar) Vy Tog
Overgang
Kart
Vieren haldeplass

Vieren haldeplass ligg ved Langvasstølen i Ulvik herad i Vestland og er ein haldeplass på Bergensbanen. Han vart opna i 1948.[1] Området har ikkje fast busetnad, men det er ein del hytter der og området var tidlegare nytta til stølsdrift.

Berre lokaltog i Raundalen stoppar ved Vieren.

Vieren ligg mellom Upsete haldeplass og Ørneberget haldeplass, 344,80 km frå Oslo S.

Haldeplassen låg tidlegare ved banevaktarbustaden som ligg litt lenger vestover mot Langvassosen, og stoppestaden var då utstyrt med heisekran til å heise mjølkespann om bord i toget.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vieren». Jernbaneverket. Arkivert frå originalen 28. mars 2013. Henta 29. november 2009. 
  2. «Glimt fra Upsetedalens historie». nafstad.com. Henta 29. november 2009.