Upsete haldeplass

Koordinatar: 60°43′33″N 7°0′44″E / 60.72583°N 7.01222°E / 60.72583; 7.01222
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Upsete haldeplass

Upsete i 1909
Stasjonsområde
Stad Uppsete, Aurland (Vestland)
Koordinatar 60°43′33″N 7°0′44″E / 60.72583°N 7.01222°E / 60.72583; 7.01222
Distanse 342,15 km frå Oslo
Høgd 850,2 moh.
Opna 1908
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bergensbanen
Eigar(ar) Bane NOR
Operatør(ar) Vy Tog
Overgang
Kart
Upsete haldeplass

Upsete haldeplass ligg på Uppsete i Aurland kommune i Vestland og er ein haldeplass for lokaltog på Bergensbanen. Haldeplassen ligg på 850,2 moh, 342,15 kilometer frå Oslo (om Roa). Upsete ligg mellom Vieren haldeplass i vest og Myrdal stasjon i aust.

Upsete haldeplass vart opna 1908.[1] Namnet var då skrive Opset.[2] Det er no berre lokaltog som stoppar ved haldeplassen, i tillegg til turisttog som køyrer mellom Voss og Ål om sommaren.

Utsikt frå toget nær Upsete haldeplass.
Foto: Jenni Douglas
Upsete mot Gravhalstunnelen i 1907.

Rallarvegen[endre | endre wikiteksten]

Upsete ligg på vestsida av Gravhalstunnelen og den gamle tilførselsvegen som vart bygd i samband med bygginga av tunnelen og banen er i dag del av sykkel- og turvegen Rallarvegen. Den vestre delen av Rallarvegen går frå Upsete vestover til Mjølfjell Ungdomsherberge der det går bilveg vidare mot Vossavangen. Dei som ynskjer å sykle eller gå mellom Voss og Flåm eller Voss og Finse må ta toget mellom Upsete og Myrdal, for på den strekka er det ikkje veg.[3]

Stølar og rallarsamfunn[endre | endre wikiteksten]

Før Bergensbanen kom var Uppsete eit stølsområde for gardar i Flåm, Ulvik og Voss. Mot å gje frå seg land gratis til jarnbanelina fekk stølane fri frakt av mjølka ned til Voss med toget. Under bygginga av Gravhalstunnelen var det store anlegg på Uppsete. På det meste var det opp mot tusen menneske i heilårsaktivitet med bygging og servicefunksjonar.

Stølsdrifta tok for det meste slutt i 1950 og -60-åra. I dag er området nytta som sommarbeite for smale og kviger, og stølane er feriestader.[4]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]