Viggo Kampmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Viggo Kampmann
Viggo Kampmann.jpg
Fødd21. juli 1910
Frederiksberg
Død3. juni 1976
København
Statsborgar avDanmark
PartiSocialdemokratiet
Yrkepolitikar, bankier
Utdanna vedKøbenhavns Universitet

Olfert Viggo Fischer Kampmann (21. juli 19103. juni 1976) var statsminister i Danmark frå 1960 til 1962.

Kampmann var utdanna statsvitar. I september 1950 vart han finansminister i Hans Hedtoft si sosialdemokratiske regjering, kort tid før regjeringa måtte gå av. Då Hedtoft vart statsminister på ny i 1953, kom Kampmann tilbake som leiar av Finansdepartementet, ein post han hadde også under etterfølgjaren i statsministerstolen, Hans Christian Hansen. Då Hansen døydde vinteren 1960 tok Kampmann over som dansk statsminister 21. februar 1960. Etter fleire hjarteatakk trekte han seg tilbake 3. september 1962 og overlet posisjonen som regjeringsleiar til partikollegaen Jens Otto Krag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]